«Vekstmidlar» er ei tilskotsordning finansiert av bispedømmet sine interne avsetjingar og av OVF-tilskot. Total tilskotssum vil variere frå år til år.
Søknad må fremjast på eige søknadsskjema.
Satsings- og fokusområda i Møre bispedømme sin strategiplan for 2022 er:
Bygge fellesskap for unge / Diakoni / Kunst og kultur / Digital kyrkje / Kyrkjeleg gravferd / Rekruttering / Kyrkje i det fleirkulturelle Noreg
Tildeling skjer tre gonger i løpet av året, med tre søknadsfristar. For 2022 er søknadsfristane 15. mai, 15. august og 15. oktober.
Vilkår for tildeling
Tilskotet blir gitt for å realisere satsingar og prioriteringar i bispedømmet sine strategiar og planverk og blir delt ut som støtte til prosjekt innanfor desse felta:
- Tiltak som styrker trusopplæringa, særleg kontinuerleg arbeid blant barn og unge
- Trusopplæringstiltak som styrkjer samarbeid mellom sokn, og mellom sokn og dei kyrkjelege barne- og ungdomsorganisasjonane
- Tiltak som styrker oppslutninga om dåp
- Nyskapande diakonale tiltak som samhandlar på tvers av sokn og/eller som aukar kontakten med sivilsamfunnet
- Diakonale tiltak i kyrkjelydane i samband med flyktningkrisa i Ukraina
- Tiltak som byggjer fellesskap for unge
- Tiltak for å styrkje gudstenestelivet
- Kunst og kultur
- Kyrkjemusikalsk verksemd
- Tiltak for å rekruttere, utruste og følge opp frivillige
Her finn du søknadsskjema og PDF-informasjonsskriv om ordninga.
Søkjar/prosjekteigar lyt vere kyrkjeleg råd, underutval av desse eller samarbeidande organ/ organisasjonar.
Hovudregelen er at eit prosjekt berre kan få tilskot ein gong. I særskilte høve kan prosjekt motta støtte inntil tre gonger. Det blir ikkje gitt tilskot til finansiering av stilling.
Tilskotet blir utbetalt til oppgitt kontonummer i søknad og utbetaling skjer etter reglane i «Forskrift om økonomiforvaltning i sokn i Den norske kirke» av 01.01.2021.
Søkjar/prosjekteigar fører rekneskap som viser oversikt over bruk av tilskotet.
Rapportering
Rekneskap for tildelt sum skal rapporterast på eige rapporteringsskjema når prosjektet er ferdig og seinast innan januar året etter.
Unytta midlar
Tildelte midlar som ikkje blir nytta i tråd med søknad, skal i betalast tilbake til Møre bispedømmeråd, med mindre det blir gjort avtale om å nytte dei til andre relevante formål. Partane skal gjere avtale om endringar.
Kontroll og sanksjonar
Bispedømmerådet har høve til å gjennomføre naudsynt kontroll med at tilskotet blir nytta etter føresetnadane i dette tildelingsbrevet. Dersom det i ettertid viser seg at tilskotet ikkje er nytta til det formålet, kan bispedømmerådet krevje delar av eller heile tilskotssummen tilbake.
Hugs på:
Søknadar skal fremjast skriftleg på eige søknadsskjema.
Utfylt søknadsskjema skal sendast til moere.bdr@kirken.no
Møre bispedømmeråd håper på mange gode søknader!