Saman med bishop Christine stod biskop Ingeborg for underteikninga i St. Cuthberts kyrkje på Farne-øyane (bildet).
Under opphaldet for biskop Ingeborg denne gongen er merksemda retta mot pilegrimsvandring, og saman med andre er dei to biskopane på vandring langs St. Cuthberts Way fra Melrose til Lindisfarne/ Holy Island.
Undervegs vitja dei også Farne Islands (tidlegare ofte kalla Farnes) er ei øygruppe utanfor kysten av Northumberland i England. Dei første kjende innbyggjarane på Farne Islands var forskjellige culdee-munkar, somme knytte til Lindisfarne. Dei levde der som eremittar.
Nær kontakt
Møre bispedøme og Newcastle bispedøme i England har sidan år 2000 hatt nær kontakt. I 2008 vart denne kontakten formalisert i ein vennskapsavtale.
Venskapsavtalen inneber ei stadfesting av det nære sambandet over Nordsjøen, og inneheld ei rekkje punkt kring utvikling av kristent fellesskap og samarbeid. I 2013 vart denne avtalen førstte gong fornya og omfatta då m.a. desse punkta.
- Be regelmessig og systematisk for kvarandre
- Dele visjonar og utveksle informasjon om kyrkjene
- Skape teologisk samtale, refleksjon og debatt
- Leggje til rette for besøk for å dele idear, erfaringar
- Ta imot prestar og diakonar til å gjere teneste i kvarandre sitt bispedøme
Avtalen som no vart signert har ikkje mange endringar frå gamal avtaletekst, men den nye avtalen inviterer i større grad til å samtale med kvarandre om dei misjonale utfordringanr i våre to bispedøme i ei tid med store omskifte og hurtige endringar.