Ver med og opne kyrkja di i sommar!

Du kan hjelpe til med å halde den lokale kyrkja di open i sommar! Kontakt kyrkjekontoret og høyr om dei har ei ordning for open kyrkje, få med deg fleire interesserte og lag ein dugnad på prosjektet! Kyrkjerådet har mange støtteressursar for å leggje til rette for open kyrkje.

Ver med og opne kyrkja di i sommar!

Opne kyrkjer er blitt eit populært tilbod mange stader, både i bygd og by og langs pilegrimsleiene.

Open kyrkje er ein annan måte å vere kyrkjelyd på, ein annan måte å vere kyrkjerom. Det handlar om opne dører, om refleksjon, om å tenne lys og vere stille. 

Somme stader er det frivillige som tek på seg oppgåver knytt til open kyrkje, andre stader er det lønna medarbeidarar som sørgjer for at kyrkjerommet kan vere ope. 

Opne kyrkjer krev planlegging, og har både ein tilretteleggingsdimensjon og ein formidlingsdimensjon ved seg, og kyrkjelyden treng finne den gode balansen mellom ambisjonsnivå og ressursar. Mange har gode erfaringar med å invitere og involvere ei breiare gruppe frivillige.

Ta kontakt med di kyrkjeverje og ditt kyrkjekontor, og samsnakk om korleis dette kan bli løyst i di lokale kyrkje!

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"