Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Verktøykasse for misjonsgudstenester

– Kyrkjelydane har no tilbod om ei verktøykasse for misjonsgudstenester i openberringstida, fortel misjonsrådgivar Ole Kristian Nordmark Due i Møre bispedøme. Han har stått sentralt i arbeidet med å utvikle ressursane.

Openberringstida er tida mellom jul og fastetida og blir rekna som den særlege misjonstida i kyrkjeåret. Samarbeid menighet og misjon (SMM) har laga ei verktøykasse med byggeklossar for gudstenestearbeidet i openberringstida.

Ressursane er laga for å kunne brukast rett inn i dei vanlege gudstenestane, slik at dei får eit misjonspreg.

– Openberringstida i kyrkjeåret er knytt til tekstar som syner ulike sider ved Jesus. I vår kyrkje er det blitt vanleg å knytte denne tida spesielt til temaet misjon, seier Due, som vonar kyrkelydane vil sette pris på opplegget.

Det er laga eigne opplegg for Kristi openberringsdag, 2. søndag i openberringstida 2018, 3. søndag i openberringstida 2018 og Kristi forklarelsesdag 2018. 

– Bruk openberringstida til å sette fokus på den misjonsavtalen kyrkjelyden har, eller det landet, søsterkyrkja og misjonsprosjektet de samarbeider med. Ta gjerne kontakt med den SMM-organisasjonen de samarbeider med, oppmodar misjonsrådgivar Ole Kristian Nordmark Due i Møre bispedøme. 

NYTTE: – Vi vonar verktøykassa for misjonsgudstenester i openberringstida blir ein nyttig ressurs for mange kyrkjelydar, seier misjonsrådgivar Ole Kristian Nordmark Due i Møre bispedøme. Han har vore sentral i arbeidet med å utvikle ressursen. 

 

LES MEIR:
Tips til gudstenester med misjonspreg i openberringstida

Kontaktinformasjon for Møre bispedømeråd - Møre biskop

Besøksadresse:

Moldetrappa 1 - Molde

Åpningstider:

Mandag-fredag 
kl. 08.30-15.30

Postadresse:

Møre bispedømeråd

Moldetrappa 1

6415 MOLDE

E-post: more.bdr@kyrkja.no

Tlf: 71 25 06 70

Telefontider:

Mandag-fredag

kl. 09.00-15.00

Ansvarleg redaktør:

Bjørn Olaf Storhaug

Nettredaktør:

Svein Magne Harnes