Internasjonal rettferd

Kampen for rettferd inneber å stille seg ved sida av sårbare og undertrykte medmenneske i alle land og i alle situasjonar; ikkje som passiv tilskodar, men i aktivt engasjement. Å vise solidaritet er å ta opp kampen og arbeide for rettferd og fred.

Internasjonal rettferd

Alle menneske har rett til å leve eit menneskeverdig liv. Vi kan ikkje stille oss likesæle til menneske som kjempar for livet. Vi må kjempe saman med dei og spele på lag med rettferda og solidariteten.

Som kyrkje er vi utfordra til å arbeide med rettferd og menneskerettar i eit globalt så vel som eit lokalt perspektiv. Dette gjeld utfordringar knytte til globaliseringa, internasjonal handel, illegitim gjeld, fattigdom, krig, fred og forsoning, den teknologiske utviklinga og anna.

Dei diakonale utfordringane over landegrensene har engasjert kyrkjelydar, diakonale institusjonar og organisasjonar gjennom ulike misjons- og bistandsprosjekt. Mange kyrkjelydar har knytt vennskapsband med kyrkjelydar på tvers av landegrensene. 

Kyrkjelydane i Møre sine misjonsavtalar er konkrete døme på korleis ein lokalt engasjerer seg i internasjonal rettferd.

Perspektiv kring internasjonal rettferd er viktig å løfte fram i kyrkjelyden si undervisning overfor born, unge og vaksne.

 

Diakoni  ● Sjelesorg  ● Sorg og krisearbeid  ● Skaparverket  ● Internasjonal rettferd  ●  Kriseberedskap

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"