Kyrkjeleg undervisning og læring er å leggja til rette for at den døypte kan leva og veksa i eit livsforhold til den treeinige Gud og erfara og praktisera trua i ulike fellesskap og igjennom ulike trusuttrykkar.
Gjennom opplevingar, aktivitetar og erfaringar inviterer kyrkjelydane til ulike arrangement slik at barn og unge sjølv kan få læra om trua. Dette blir kalla trusopplæring. Aktivitetane legg til rette for at dei sjølv kan finna ut kva dei trur på. Babysong, utdeling av 4-årsbok, overnatting i kyrkja (Lys vaken) og konfirmasjon er døme på slike aktivitetar.
Som ein konsekvens av Stortingets vedtak om å flytta kristendomsopplæringa frå skulen til kyrkja (1969) har kyrkjeleg undervisning og læring vore eit satsingsområde for kyrkja. Satsinga resulterte i ein trusopplæringsreform.
Reformen av trusopplæringa i Dnk vart vedteken av Stortinget 27. mai 2003 og innført i heile alle sokn tilhøyrande Den norske kyrkja i 2008. Stortinget begrunna vedtaket mellom anna med;
” …kunnskaper om eget grunnlag for tro og livssyn, identitet og tilknytning er viktig i møte og dialog med dem som har et annet livssyn, en annen tro eller en annen kulturbakgrunn» «…å gi mennesker livshåp og fundamentale verdier ut over den materielle trygghet». «Systematisk opplæring av de døpte er en viktig forutsetning for å bygge og bevare vår folkekirke for framtiden å gi de unge del i vår kristne kulturarv» ( https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/stmeld-nr-7-2002-2003-/id196490/)
Plan for trusopplæring i Den norske kyrkja har som formål å bidra til ein systematisk og eit samanhengande undervisningstilbod som;
- vekkjar og styrkjer kristen tru
- gir kjennskap til den tresamde Gud
- bidreg til kristen livstolking og livsmeistring
- utfordrar til engasjement og deltaking i kyrkje og samfunnsliv for alle døypte og interesserte, uavhengig av funksjonsevne.
Planen er ein kombinasjon av ein rammeplan og eit ressursdokument som skal stimulera arbeidet med å utvikla lokale læreplanar og vera ein reiskap for kyrkjelydar, sokneråd, tilsette og frivillige.
Møre bispedøme gir faglege råd og støtte til kyrkjelydane i dette arbeidet.
Samisk
I område med samisk befolkning vil samisk kultur, språk og identitet prega innhaldet i trusopplæringa og det skal det leggjast til rette for samisk innhald i alle sokn.
Arbeidsområde der bispedømmet gjev råd er;
- Kyrkjeleg undervisning og læring
- Barnehage/ skula – kyrkje samarbeid.
- Konfirmantarbeid
- Arbeid for ungdom/ unge vaksne.
- Undervisning for vaksne.
Arbeidsoppgåver t.d.:
- Rettleie kyrkjelydane i arbeidet med lokale undervisningsplanar
- Leggja til rette for kompetanseheving for tilsette og frivillige gjennom kurs/fagdagar/samlingar og erfaringsdeling tilsette imellom. For slik å utrusta dei tilsette lokalt i undervisningsarbeidet.
- Leggje til rette for rekrutering til undervisningsstillingar lokalt og då særleg for rekrutering til utdanning av, og talet på, vigsla katekerter
- Tilskuddsforvaltning
- Arbeide på eit lokalt, regionalt og nasjonalt nivå for å fremja vedtak gjort av
Kyrkjerådet og Kyrkjemøtet, og gjennom dette vera ein tydeleg samfunnsaktør
Opplæring i kristen tru; https://www.kirken.no/nb-NO/dap-i-den-norske-kirke/gode-grunner-til-a-velge-dap/trosopplaring-barn-og-unge/