Planlegginga av kyrkjevalet 2023 er i gang. Som i 2019 blir det val same dag som kommune- og fylkestingsvalet. Både ved soknerådsvalet og bispedømerådsvalet er det frist 31. mars kl. 12 for å levera listeforslag.
Soknerådet har ansvar for kyrkjelyden si verksemd, saman med soknepresten.
Bispedømerådet har ansvar for verksemda i bispedømet, saman med biskopen. Dei tilset m.a. prestar.
Medlemmene er også med under Kyrkjemøtet.
Husk at du i 2023 kan førehåndsstemma digitalt, med bank-ID og mobiltelefon, PC eller tablet. Det kan du lese meir om på denne lenka
Kandidatpresentasjonar
Trykk på denne lenka for å sjå kven du kan stemme på til kyrkjevalet 2023
Lister til Kyrkjevalet 2023:
Her kan du sjå dei innkomne listeforslaga (frist for innlevering var 31. mars):
Avgi stemme ved valet!
Møt opp valdagen og avgi stemme!
Har du spørsmål om valet? Ta kontakt!
Sjå også www.kirken.no/valg
VIKTIGE DATOAR
1. februar
Frist for etablering av nominasjonskomité for val av leke medlemmer til bispedømeråd og Kyrkjemøtet
31. mars
Frist for innlevering av listeforslag ved val av sokneråd og val av leke medlemmer til bispedømeråd og Kyrkjemøtet. (Fra både nomineringsgrupper og nominasjonskomité)
2. mai
Frist for å godkjenne listeforslag og kunngjere vallister, valform og eventuell supplerande nominasjon.
(Ansvarleg: Valrådet i bispedømet og valstyret i kyrkjelyden)
9. mai
Frist for klage med krav om endring av valstyrets vedtak om å godkjenne eller forkaste eit listeforslag.
Seinast 1. juni
Frist for registering(fastsetting) av lokale opplysningar om tid og stad for førehandsstemming og valting. Skal registrerast i medlemsregister (valmodulen).
Juni-Juli (i god tid før førehandsstemming 10. august)
Skriv ut og kopier opp stemmesedlar til MR-valet eller kontakt trykkeri om trykking av stemmesedlar. Kyrkjerådet vil sørgje for at det kan skrivast ut stemmesdlar til MR-valet frå nettsida kirkevalg.no. Denne seddelen sendast eventuelt til kyrkjelyden sitt lokale trykkeri for trykking.
10.august til 6. september
Periode for digital førehandsstemming.
10. august til 8. september
Periode for førehandsstemming.
1. september
Frist for førehandsstemming i anna sokn enn der ein har stemmerett.
10. og 11. september
Valdag(ar).