Påmeldingsskjema til samrådsmøter

Kyrkjemøtet i 2023 skal gjere viktige vedtak vedr. organisering av Den norske kyrkja. I denne samanheng blir det invitert inn til samrådsmøter. Styringsgruppa som leier prosessen fram til vedtak i kyrkjerådet og til slutt i kyrkjemøtet, vil gjerne gi rådsorgana høve til å ta del i samtalen. Over heile landet blir det difor invitert til bispedømmevise samrådsmøter slik at leiarane/1 repr. for kvart fellesråd/sokneråd kan møte medlemmene i bispedømmerådet.

 

Det er lagt opp til to møter. Møta blir gjennomført digitalt, er lagt i tidsrommet kl. 17 – 20 og til dagane 12. april og 5. juni.

Ved å melde deg på er du påmeldt møtet som skal vere i april. Det vil bli sendt ut nytt påmeldingsskjema til møtet i juni.

 

Påmeldte møtedeltakarar får tilsendt digital pålogginginformasjon. Ein kan sitje heime og ta del på møtet, men i samråd med styret i nettverket av fellesrådsleiarar i Møre og leiar i Møre bispedømmeråd, rår vi til at møtedeltakarane sit samla på fellesrådsnivå eller på prostinivå, alt etter kva som passar best.

 

Alle møtedeltakarane, både leiarane/medlem i fellesråd/sokneråd og bispedømmerådsmedlemmer lyt melde seg på. Du melder deg på via påmeldingslenka nedanfor, og påmeldinga må finne stad innan 2. april.

Her er lenke til påmeldingsskjema:

https://forms.office.com/e/ZbMiyad7x0

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"