Ungdomsrådet ønskjer dette året å ha eit program som strekk seg over ei heil helg. På denne måten vil dei som kjem ha god tid til å bli godt kjent med kvarandre.
Biskop Ingeborg Midtømme vil vere med på samlinga og ser fram til å møte ungdommen.
Alle som er mellom 15- 30 år kan delta under ungdomstinget, men berre 2 frå kvar kyrkjelyd eller ungdomsorganisasjon kan vere delegatar med røysterett.
Programmet for samlinga vil variere mellom sakspresentasjon, plenumsdebatt, komitéarbeid, workshop, foredrag, kveldssamling og gudsteneste. - Og selvsagt blir det sosialt program med mat og aktiviteter.
Påmeldingsfristen er fredag 15.mars. Fyll inn skjema som ligg nedanfor.
Pris: 1000,- ( inkluderer all mat og overnatting på leirstaden)
Er du delegat er det vanleg at kyrkjelyden/organisasjonen du representerer dekker kostnaden. Du kan også søke dei om reisestønad.
Ungdomsrådet held på å utarbeide programmet for helga. Når det er klart, vil det leggast ut her. Fram til då kan du lese om Ungdomstinget 2018.
Påmeldingslinken er open og du kan starte med å melde deg på allerie nå.
Ungdomsrådet håper at mange vil bli med og at mange kyrkjelyder er godt representert.
Har du spørsmål knytt til arrangementet kan du kontakte rådgivar for ungdom i Møre bispedøme:
Inger Marie Jakobsen Sylte - mobil: 997 17 442 - e-post: is969@kyrkja.no