Bli med å gå Egersund - Stavanger på to år

Har du ein draum om å gå kystpilegrimsleia frå Egersund til Stavanger? Me er så heldige å ha ein nasjonal pilegrimsveg i vårt eige nærmiljø. Den vil pilegrimsutvalget på Jæren no invitera deg med på.

Vandringa er delt inn i ni etappar. Du kan vera med på alle, eller vera med på nokre etappar og ta resten på eiga hand. Foto: Marit Fimland

Tekst: Reidun Gudmestad 

Vegen ligg berre og ventar på at me skal ta den i bruk. Den fylgjer stort sett kystlinja og gir mulighet til stopp ved fleire middelalderkyrkjer. 

Nyleg blei leia i Egersund merka av Dalane friluftsråd, sjå bilete her på Facebooksida til Visit Egersund.

Det finst ulike måtar å vera jærpilegrim på. Du kan altså hiva deg på pilegrimsutvalget på Jæren sin invitasjon til å vera med oss å gå dei 10 mila over to år. Me har delt vandringa inn i ni etappar. Du kan vera med oss på alle, eller vera med på nokre etappar og ta resten på eiga hand.

Vandringane i år:

13. juni: Egersund kirke til Ogna kyrkje. Dette er den lengste etappen på om lag to mil. Arrangementet er i samarbeid med pilegrimskomiteen i Egersund.
24. juni, Jonsokdagen: Ogna kyrkje til Kvassheim fyr.
29. juli, Olsok: Hårr til Varhaug gamle kyrkjegard.
3. oktober: Varhaug gamle kyrkjegard til Hå gamle prestegard


13. juni går turen frå Egersund kirke. Foto: Marit Fimland

Neste år planlegg me å gå

  • Hå gamle prestegard til Orre gamle kyrkje.
  • Orre gamle kyrkje til Bore.
  • Bore til Hellestø.
  • Hellestø til Sole ruinkirke.
  • Sola Ruinkirke til Stavanger domkirke.

I tillegg planlegg me ei vandring frå Klepp kyrkje til gudstenesta på Krosshaug 2. pinsedag
I haust blir det og ei vandring i Gjesdal, frå Kyllingstad til Gjesdal kyrkje.
Følg med på Facebooksida Pilegrim på Jæren
Alt dette er sjølvsagt avhengig av at smittevernreglane opnar for vandring i lag på dei aktuelle tidspunkta.

Lengde
Vandringa mellom Egersund og Ogna er den lengste på rundt to mil. Tykkjer du det er for langt, går det an å avslutta på Hellvik og ta toget tilbake, eller starta på Hellvik når fylgjet kjem forbi. Dei andre etappane er på rundt ei mil. Den siste frå Sola til Stavanger er rundt 15 kilometer.


Foto: Marit Fimland

Dagsorden
Me startar og sluttar gjerne vandringa med tidebønn, og kjem også til å gå delar av vegen i stillhet. Me vonar også å få med oss kjentfolk på fleire av vandringane. Matpakke og gode klede og sko er sjølvsagt.
Det blir meir opplysningar om til dømes tidspunkt og oppmøte på Pilegrim på Jæren på Facebook. Ta gjerne kontakt med Ola Undheim (tlf 90858793) om du lurer på noko.


Korleis kjem me fram?
Til Egersund er det fint å koma med toget, og gjerne ha ein bil ståande på Ogna, eller ta toget heim etter vandringa. Seinare kan det vera lurt å avtala med nokon andre og ha ein bil i kvar ende. Det kan også vera at me kan få til skyss tilbake for dei som ikkje greier å ordna seg sjølv. Det kjem me tilbake til.

Alternativ
Det finst også andre måtar å gå Kystpilegrimsleia over Jæren på. Pilegrimsutvalget i Stavanger bispedømme inviterer kvart år til ei langvandring med overnattingar. I år blir det i starten av august.

Du kan også gå heilt på eiga hand i etappar, eller i eitt med overnattingar. Det finst ei bok med tips for ei slik vandring, Kystpilegrimsleia - fra Egersund til Trondheim av Margun Pettersen.

Me i pilegrimsutvalget på Jæren vonar at du vil bli med oss på vandring i 2021.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"