Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Olsok-vandring i Vats

På Olsok søndag 29. juli vert det pilegrimsvandring i Vats. Det blir ei kort og ei lengre rute. Eigne gripekross er laga for vandringa.

- Etter den gode oppslutnaden og dei positive tilbakemeldingane i fjor, vil det bli vandring i år, også. Det vil bli to ruter, som i fjor, fortel Olav Velde, Haldor Skare og Steinar Sørhus i Vats sokneråd.

Litt om vandringa for dei som vil vera med:

Den "lange" ruta startar på Frøland i Tørsdal. Den startar på 147 moh. Me følgjer ein traktorveg, og ein god og tørr sti. Høgast punkt er 280 moh, før me følgjer vegen ned mot Vindafjordtunet. Vandringa er på 4,2 km fram til kyrkja. I fjor varte vandringa om lag halvannan time i roleg gange, inkl. mange pausar.    

Møt opp ved Vats kyrkje kl. 16.30, så vert det kameratkøyring opp til Frøland.

Den "korte" ruta er for dei som ikkje taklar terrenget på den andre vandringa. Den startar ved kyrkja og går på veg rundt Eide. Oppmøte ved kyrkja kl. 16.50.                                      

Innhaldet i programmet vert likt på begge rutene.

Me møtest alle i kyrkja kl. 19.00. Der vert det ei kort gudsteneste med høve til ettertanke og refleksjon. Me får også dela nattverd i saman. Gudstenesta er open for alle, også om ein ikkje har vore med på vandringa.

Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi og noko å bita i.

I samband med denne vandringa, har det blitt laga gripekross (sjå biletet under). Det er små krossar ein kan bera med seg inni handa. Dei er laga av to karar i Vats og kostar 100 kr stykket (Kontant/Vipps). Inntekta går uavkorta til kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt i Thailand.

Gripekors

På Karmøy har dei og ein tradisjonsrik pilegrimsvandring på Olsok, her er klipp frå www.avaldsneskirke.no :

Søndag 29. juli kl. 16.30: Pilegrimsvandring fra Toskatjønn til Olavskirken – en vandring på ca. 3,5 timer. Vandrerne transporteres med buss fra Avaldsnes kirke til Toskatjønn, og det blir skyss over Karmsundet med skøyten «Stavern». Skyss: kr 100. Vandringen ender med olsokmesse klokken 21.00.

Søndag 29. juli kl. 21.00: Olsokmesse ved sokneprest Lars-Tore Anda, kantor Arnfinn Tobiassen med flere.

Kontaktinformasjon for Stavanger bispedømme

Stavanger bispedømme

Lagårdsveien 44

4010 Stavanger

Telefonnummer: 51 84 62 70

Epost: stavanger.bdr@kirken.no

Åpningstider: 08.30-15.00

Uke 26-31: 09.00-14.00