Personal

Tilsetjing av faste medarbeidarar i prestestillingar

Kunngjering av stillingar

Prosten, i samarbeid med lokalkyrkjelyden, lagar forslag til utlysingstekst for vakante stillingar etter mal frå bispedømmerådet. På bakgrunn av forslaget utarbeider bispedømmerådet endeleg utkast til tekst. Teksten vert oversendt Presteforeininga og Opplysningsvesenets Fond (der OVF er eigar av tenestebustaden) til uttale før kunngjering. Ledige stillingar skal kunngjerast (minimum) på NAV og Stavanger bispedømme sine heimesider. Jfr. Personalreglementet § 3. 

Kunngjeringane sitt innhald

Jfr. Personalreglementet § 4.

Tempoplan

Bispedømmerådet utarbeider tempoplan for tilsetjingsprosessen og sender denne til prost, sokneprest, berørte fellesråd og sokneråd og medlemmene av innstillingsrådet .

 Søkjarliste

a. Utvida søkjarliste. (Partsoffentleg).

Bispedømmerådet utarbeider alfabetisk liste over søkjarane. Lista skal innehalde søkjarane sine namn, alder og fullstendige opplysningar om utdanninga og praksisen deira. Lista vert sendt medlemmene av innstillingsrådet så snart den ligg føre. Liste og kopi av søknadane vert  sende gjennom biskopen til sokneråd der presten skal ha tenestestad. Jfr. personalreglementet § 6.1.

 

b. Offentleg søkjarliste.

Det skal også snarast setjast opp ei offentleg søkjarliste som skal innehalde søkjarane sine namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustad- eller arbeidskommune. Det skal gå fram av søkjarlista kor mange søkjarar det har vore til stillinga og kva kjønn desse har. Jfr. Personalreglementet § 6.2.

 

Intervju

Det skal gjennomførast  intervju med dei søkjarane som viser seg å vere best kvalifiserte for stillinga. Jfr. personalreglementet § 6,3-5. Intervjuet vert gjort av innstillingsrådet. Representantar frå sokneråd der presten skal ha tenestestad er til stades under intervjuet.         

 

 Vurdering av søkjarane

Bispedømmerådet sender følgjande sakspapir til soknerådet/-råda:

  • Kopi av søknader med CV
  • Partsoffentleg søkjarliste
  • Kopi av stillingsannonse
  • Tempoplan for tilsetjingsprosessen
  • Brev til sokneråda vedr. deira uttale
  • Referanseuttalar

 

Soknerådet/-råda gir uttale om kva for tre personar, i prioritert rekkefylgje, dei ønskjer tilsett. Av uttalen skal det gå fram kor mange soknerådsmedlemmer som var til stades og kor mange stemmer som blei gitt for dei ulike søkjarane som nr. 1, 2 og 3. Uttalen vert sendt  til innstillingsrådet v/prosten som leiar, innan dei fastsette fristane. Jfr. personalreglementet § 6,7-8.

  

Innstillingsrådet

Innstillingsrådet er sett saman av vedkomande prost, stiftsdirektøren og ein representant for tenestemennene (den organisasjonen som organiserer flest prestar i bispedømmet). Prosten er leiar av innstillingsrådet.

Jfr. personalreglementet § 9.

  

Tilsetjing

Tilsetjing skjer i bispedømmerådet i ordinært møte. I særskilte tilfelle kan også bispedømmerådet sine tilsetjingsvedtak gjerast på annan måte. Søkjarane er representert i møtet gjennom fagforeininga si som har møte- og talerett.

Når vedtak om tilsetjing er gjort, ringjer bispedømmerådet umiddelbart etter møtet til han/ho som får tilbod om stillinga. Tilbodet skal bekreftast skriftleg med 8 dagars svarfrist. Løn og andre forhold vert  fastsette av stiftsdirektøren. Jfr. personalreglementet §§ 10 og 12.

 

Tiltreding/innsetjing

Bispedømmerådet avklarar når tenestebustaden er klar for innflytting og avklarar med den nytilsette tidspunkt for flytting.

Bispedømmerådet behandlar søknad om flyttedagar og eventuell flyttegodtgjering.

Biskopen avklarar tiltredingstidspunkt, evt. etter avtale med biskopen i det bispedømmet den tilsette gjer teneste.  

Prosten har ansvar for innsetjingsgudstenesta.

Kollas  vert skrive av biskopen når prosten ber om dette.         

  

Arbeidsavtale

Bispedømmerådet utarbeider arbeidsavtale og innhentar underskrift frå den tilsette. Eit eksemplar vert  behalde av arbeidstakar, eit vert lagt i vedkomande si personalmappe på bispedømmekontoret. Jfr. personalreglementet § 12,4. 

 

Tilsetjing av vikarar

 

Vikariat lengre enn 6 månader

Reglane for dette står i Tenesteordning for biskopar § 2 første ledd.

Ved vikariat lengre enn 6 månader gjeld same tilsetjingsprosedyre som for faste stillingar, jfr. personalreglement §§ 3-11.

 

Vikariat kortare enn 6 månader

Prosten engasjerer vikarar i inntil 10 virkedagar. Prosten ser til at vikaren sender skattekort og bankkontonummer til bispedømmekontoret.  

Ved vakansar i meir enn to veker engasjerer biskopen vikarar etter forslag og i samarbeid med vedkomande prost.

Stiftsdirektøren avtaler løn og andre vilkår.

 

Enkelttenester

Prosten engasjerer vikarar til enkelttenester i samsvar med bestemmingar kring enkelttenester og innan det til ei kvar tid gjeldande budsjett.

 

 

Bierverv

 

Bistilling/bierverv

Prestar må ikkje ha bierverv eller bistilling utan samtykke frå biskopen.

Kyrkjelydsprestar må ikkje inneha bistillingar eller bierverv som kan hemme eller sinke deira ordinære arbeid.

Bistilling eller bierverv må ikkje vere av ein slik art at det kan bryte ned respekten for prestetenesta.

Eventuell søknad om bistilling/bierverv må sendast tenesteveg.

 

Privat næringsverksemd

Reglane for dette står i Tenesteordning for kyrkjelydsprestar § 18.

Prestar må ikkje drive privat næringsverksemd utan etter samtykke frå biskopen eller departementet. Eventuell søknad må sendast tenesteveg.

 

 

Vedlegg

Kontaktinformasjon for Stavanger bispedømme

Stavanger bispedømme

Lagårdsveien 44

4010 Stavanger

Telefonnummer: 51 84 62 70

Epost: stavanger.bdr@kirken.no

Åpningstider: 08.30-15.00