Ledig stilling som sokneprest i Time sokn

Det er ledig stilling som sokneprest i Jæren prosti med Time sokn som tenestestad. Time sokn ynskjer ein sokneprest som kan formidle Jesus-begeistring til barn, unge og vaksne.

Time kyrkje er ei Linstow-kyrkje bygd i 1859. Det er eit kyrkjetorg i tilknyting til kyrkja. Kyrkjetorget vert mellom anna nytta til kyrkjekaffi, konfirmantarbeid, trusopplæring, sundagsskule o.a. Foto: Kirkesøk

Time sokn søkjer ein sokneprest som har evner til kyrkjelydsutviklande arbeid. Soknepresten må trivast med å arbeide i ein kyrkjelyd der frivillige er aktivt med å førebu og er sterkt involverte i gjennomføringa av gudstenestene, og der ein saman søkjer etter nye måtar og nye former å formidle evangeliet på.

Jæren prosti består av kommunane Klepp, Gjesdal, Hå og Time. Time sokn ligg i sistnemnde kommune. Time kommune og Time fellesrådsområde fell saman, og utgjer eit samarbeidsområde med 3 sokn:  Time, Undheim og Bryne.

Time kommune og nabokommunane har mykje vakker natur å by på. Time kommune har gode tilbod innan idrett, kulturskule, etc.

Time sokn har 4 forordna gudstenester pr. månad, 2 i Time kyrkje og 2 på Lye Forsamlingshus. Det blir brukt nynorsk liturgi.

Søknadsfrist er 1. mars

Les heile utlysinga og søk på stillinga her.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"