Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Trenden med synkende dåpstall har snudd

Årsmeldinga for 2017 gir grunn til glede over ei svak oppgang i dåpstal, samt stabile tal for trusopplæring, sterkt frivillig medarbeidarskap og fleire som går til nattverd. Mens færre gudstenestedeltakarar utfordrar til refleksjon og tiltak.

Eit systematisk og sterkt fokus på dåp i bispedømmet dei siste åra har gitt resultat. Pilar som før peika nedover, er no snudd og er forsiktig på veg opp.
Rundt fire av fem kyrkjemedlemmar døyper barna sine: 81,7 % samanlikna med 81% i 2016. Det er nytt at denne prosenten går opp. Dei reelle tala har gått ned med 271 til 3320 døypte, men årsaka er lågare fødselstal i 2017 enn året før. - I møte med utviklinga har me satsa målretta, lokalt, regionalt og nasjonalt dei siste åra. Den positive utviklinga me ser kan ha samanheng med dette, står det i Årsrapport for Stavanger bispedømme 2017.

- Det var i 2014 "Aksjon dåp" blei til, og aksjonsperioden varte til 2016. Sidan har verktøy og tiltak blitt fylgt opp innan det ordinære arbeidet. Me veit at aksjonen var ein vekkar for mange kyrkjelydar, at han verka motiverande og førte til konkrete tiltak mange stader. «Verktøykassa for dåp» er blitt ein permanent ressurs. Det ser ut til at starten på aksjonsperioden fell saman i tid med at den negative utviklinga stansa opp. 
Fleire sokn sine målretta satsingar på dåp, viser at det er mogeleg å påverka resultata. Vardeneset har vore svært aktive, og har gått frå 77 til 92 prosents oppslutning på to år. Sørnes kyrkjelyd har hatt fokus på dåp, god kontakt med ungdom og har eit godt og stabilt kyrkjelydsarbeid. Dei har også gått opp frå 73,8 % til 81,1 %. Det same gjeld Tananger, der tala tyder på ein oppgang frå 65,5 % til 91,2 %.

Den største risikofaktoren i dåpsarbeidet er kva haldningar foreldre har til kyrkja og til dåp. Dette er det som direkte påverkar ei avgjerd om dåp eller ikkje. Kyrkja kan påverka dette gjennom informasjonstiltak og gjennom sine møte med foreldre. 
- Kyrkjelydar som inviterer aktivt og legg godt til rette for dåp får gode resultat. Me er spente på utviklinga vidare, heiter det i rapporten.

Gudsteneste-tal utfordrar 
Det er gudstenestestatistikken som gir dei største, nye utfordringane i år. Deltakinga på gudstenester går ned. I 2017 var det om lag 35.000 færre deltakarar på gudstenester på sun- og helgedagar enn i 2016. Til saman var det 521.137 deltakarar på desse gudstenestene. Det betyr at me har mista litt over 1 av 20 gudstenestedeltakarar. Men snittet i Stavanger bispedømme på 128 gudstenestedeltakarar har fortsatt klart størst gjennomsnittleg oppslutning om gudstenester i landet.

- Me ser at det er nedgang i gudstenestedeltaking over heile landet. Kyrkjegjengarane er mindre lojale og ser det i mindre grad enn før som ei plikt eller naudsynt å gå til gudsteneste kvar sundag. Nedgangen regionalt ser derfor ut til å vera ein del av ein større trend.  
- Me trur og noko av resultatet kan forklarast som ein reaksjon på Kyrkjemøtet sitt vedtak om vigsel for par av same kjønn. Det er samanheng mellom tal for utviklinga på soknenivå og kva område mange har markert motstand mot vedtaket. Rundt 2000 menneske melde seg ut i fjor. Prostane melder at dette for andre har verka inn på gudstenestedeltaking og frivillig engasjement. Det er ikkje ei overraskande utvikling at nokre har trekt seg ut av kyrkjelydane. I fleire av dei sterkast påverka sokna finst det bedehusforsamlingar, og nokre av desse har nå oppretta tilbod i tradisjonell gudstenestetid og utvida tilbodet om kyrkjelege handlingar. Det er ikkje mange på kvar stad som har gått over til desse, men det er nok til at det er synleg i statistikken. Andre område ser mindre til desse endringane. 

- Samstundes gler me oss over at fleire går til nattverd. Talet på gudstenester for barn- og familiar går og litt opp, og den gjennomsnittlege deltakinga på desse går også opp. Den gjennomsnittlege deltakinga på gudstenester for familiar og barn er klart høgre enn for vanlege gudstenester. Det er altså inga grunn til å ikkje satse vidare på dette. Det er også behov for fleire ungdomsgudstenester, står det i rapporten.

Ny kyrkje gir fleire kyrkjegjengerar
23. april fekk Kopervik ny kyrkje. Kyrkjelyden gler seg over prosessen, det nye bygget og sterk vekst i talet på gudstenestedeltakarar. Det er 73 fleire på gudsteneste i gjennomsnitt i 2017 enn i 2016. 
- Me har mange erfaringar med at nye, gode kyrkjebygg skapar vekst, til dømes frå Ålgård, som har blitt fornya som kyrkjelyd og opplevd sterk vekst, ikkje minst for barn og unge, sidan dei fekk ny kyrkje i 2015. 
I årsrapporten blir det synleg at folk brukar kyrkja på ulike måtar. Ein stor del av medlemmane er medvitne medlemmer av kyrkja og markerer dette aktivt ved å bruka kyrkja ved store livshendingar. Ei stor gruppe kjem til gudsteneste ved særskilte høve, brukar kyrkjeleg vigsel og tek del i trusopplæring. Me gler oss over mange som går jamleg på gudsteneste, engasjerer seg i frivillig teneste og tek på seg ansvar for den lokale kyrkja. At slike menneske finst er svært viktig for kyrkja vidare. 

Gode tal for trusopplæring, medarbeidarskap, konfirmasjon og gravferd
Kort sagt ser me positive tendensar i oppslutninga om dåp, fleire som går til nattverd, eit sterkt skule-kyrkje-samarbeid som bør takast vare på, stabilitet i trusopplæringa, god oppslutning om kyrkjeleg gravferd og konfirmasjon, sterkt frivillig medarbeidarskap og eit omfattande kyrkjeleg tilbod til barn og unge. Det finst fleire spennande diakonale prosjekt i kyrkjelydane. 

Trusopplæringa er blitt eit etablert prosjekt i alle kyrkjelydar. Tilbodet i bispedømmet ligg over den nasjonale norma. Oppslutninga er ganske stabil, men med ein solid oppgang for Tårnagentar frå 32% til 42% deltaking. Både forsking og erfaring viser at trusopplæringa har vore ein vellukka og strategisk folkekyrkjereform.

Framleis har me høg oppslutning om kyrkjeleg gravferd. Ni av ti gravferder skjer i Den norske kyrkja. Prestane fortel og om mange gjevande og viktige møte med menneske i samband med dette.

- Framleis er me ei kyrkje som vil mykje, når mykje og har stort engasjement for verksemda vår, anten me gjer det som arbeidsoppgåver eller som frivillige medarbeidarar. Me vil tilby tru og fellesskap, invitera menneske til det heilage rommet med sine liv, styrka lokalsamfunn, utøva nestekjærleik, formidla nåde og sjå meir himmel på jorda.

Les heile rapporten i lenka under.

Kontaktinformasjon for Stavanger bispedømme

Stavanger bispedømme

Lagårdsveien 44

4010 Stavanger

Telefonnummer: 51 84 62 70

Epost: stavanger.bdr@kirken.no

Åpningstider: 08.30-15.00