- Folk set pris på kyrkja og kjenner ho som si

- Å vera på visitas i Skjold, Vats og Vikebygd er å koma inn til lys, varme og gode andlet. Kyrkjene, bygdene og fellesskapet her har ein varme det er godt å koma inn i, sa fungerande biskop Anne Lise Ådnøy i visitasforedraget.

14.-19 november var det visitas i  Skjold, Vats og Vikebygd sokn. Under er visitasforedraget av fungerande biskop, Anne Lise Ådnøy.

Denne veka har me hatt mykje ver! Me har sett blå himmel, så vidt, men me har også fått mykje regn.
Men mellom regnet har me fått sjå at her er det vakkert og fint å bu! Me vandra til Refsnes i Blikrabygda, der fekk me sjå ope landskap og flotte fjell.
Å gå frå regn, vind og novembermørke og inn i lyset, der det er folk, kan likne på kva det er å koma til ei kyrkje. Og å vera på visitas i Skjold, Vats og Vikebygd er å koma inn til lys, varme og gode andlet. Kyrkjene, bygdene og fellesskapet her har ein varme det er godt å koma inn i. Det har me sett i både møte med kommunen, skular og barnehagar, helsetenester, næringsliv og livet i kyrkjelyden. Takk for god velkomst og ei flott veke!

Kyrkja i bygdene

Kvar kyrkje har sitt særpreg. Vikebygd kyrkje er i god stand. Ho har ein arkitektur som speglar tida ho er ifrå og taler til nye tider. Ho har Jesus og barna framme i koret, i glassmaleriet over alteret, varme fargar og eit spennande og levande interiør. Livet i kyrkjelyden står i stil til bygget. I Vikebygd er det gudstenester som samlar mange ved spesielle høve og gode tilbod til barn og unge i trusopplæring og speidar. Dei som leier kyrkjelydsarbeidet lukkast med å skapa ei inkluderande og folkeleg kyrkje.

Kyrkja i Vats er også ein kulturskatt. Orgelet er nyrestaurert og dei som kjem nye legg merke til den gode kyrkjesongen. Oppslutninga om dåp og konfirmasjon er høg. Det finst også kyrkjeleg aktivitet som samlar folk på bedehusa i bygda. Speidaren står sterkt her også, og det glimtet av dei musikalske talenta som finst i soknet me fekk på bygdakvelden var eit stort løft. Kvaliteten og formidlingsevna står ikkje tilbake for nokon.

Vats kyrkjelyd har ei utfordring med å inkludera alle generasjonar i gudstenestene til vanleg. Me lever i ei tid der det finst mange alternativ til kyrkjegang sundag formiddag. Oppslutninga om kyrkja og kristent liv handlar om mykje meir enn deltakartalet på gudstenester. Men eg vil oppmoda folk i Vats til å bruka gudstenestene sine og engasjera seg i dei. Tilbod til barn og medverknad frå barn, gjer det lettare for unge familiar å vera på gudstenester. Involvering, der mange får delta og bruka talentene sine, gjer at fleire kjenner seg heime. Det kan vera mogleg å ta bort nokre benkar i kyrkja for å gjera ho meir funksjonell, og kyrkjebyggkonsulenten som sit i Stavanger kan vera ein god rådgjevar i dette.

Skjold fekk ny kyrkje i 1999. Ho har eit flott kyrkjerom, som gjev ei kjensle av å vera på ein heilag stad – som samtidig er open for alminnelege menneske. Kyrkja og kyrkjerommet fungerer godt til både høgtid, fest og kreative arrangement, slik me har sett denne veka. Speidarrommet nede er unikt, nesten som å vera ute samtidig som ein er inne. På dugnad og med eigne middel har kyrkjelyden klart å byggja dei nødvendige kontora. Kyrkja er blitt eit hus bygda har samla seg om og kan vera stolt av.

Takk til kommunen for gode løyvingar til vedlikehald av kyrkjer gjennom mange år. Det betyr mykje for folk å ha kyrkjer som støtter opp under dei store hendingane dei rommar. Som mange andre stader utløyser også kommunal støtte ein stor frivillig innsats. Kommunen har varsla at det kan vera vanskeleg å halda oppe nivået, og kyrkja har forståing for at ressursane må brukast og fordelast godt. Samtidig har me mykje erfaring på at det både er god økonomistyring og eit viktig område å prioritera å ta godt vare på kyrkjene, som heilt sentrale kulturskattar, rom for aktivitet og for dei store hendingane i bygda.

Folk og kyrkje
Nokre gongar kan me bli lurte til å tru at kyrkja har falle ut av synsfeltet til folk. Det er sant at me lever i ei tid med fleire religionar og livssyn side om side, utan tvang til å høyra til eit bestemt trussamfunn og ein tankegang og livsstil prega av det moderne.

På visitasen her har eg merka at det bare er ein del av biletet. Hjå kommunen, i møte med skule og barnehage, på Vindafjordtunet, i sokneråda og i det eg høyrer frå dei tilsette høyrer eg at folk her i Skjold, Vats og Vikebygd brukar kyrkjene sine. Medlemstalet er høgt. Det er god oppslutning om dåp, trusopplæring og konfirmasjon. Anten folk bruker kyrkja kvar veke eller nokre gongar i året, så høyrer eg at folk set pris på kyrkja, kjenner ho som si og kjenner seg velkomne.

Kyrkjelydane her lukkast med å gjera dørene høge, portane vide og tersklane låge. I sokneråda høyrer eg at fellesskapa er opne, at det ikkje blir stilt krav til å vera skråsikker, spesielt from eller av ein bestemt mennesketype for å bli inkludert. Tvert om har kyrkjene rom for folk med både mykje og lite kyrkjeleg erfaring. Gjennom speidararbeid, trusopplæring, konfirmasjon, festgudstenester og kyrkjelege handlingar prioriterer sokneråd og tilsette å vere kyrkje for alle. Også nye Vindafjordbuar frå inn– og utland, blir inkluderte, til dømes i internasjonal julefeiring eller prosjektet med å lesa gjennom heile Bibelen. Sokneråd og tilsette har eit godt blikk for å vera ei folkeleg kyrkje. Det er samsvar mellom tru, ord og handling i at kyrkja er for alle.

Å høyra til ei kyrkje er først og fremst ei gåve. Slik som det skal vera, så deler kyrkjelydane her nåden heilt fritt og ope – og inviterer til å leva i lyset av Guds nåde i kvardagen.

Dei siste åra har det blitt meir vanleg med nattverd i gudstenesta. Elles i bispedømmet ser me at fleire tek del i nattverden. Det har nok mange stader vore ei usynleg grense fleire stader, som har halde folk frå å ta dei siste stega opp til altarringen. Me gler oss når denne grensa forsvinn. Ingen må setja grenser for seg sjølv. Akkurat som alle barn er velkomne til dåp, så er alle døypte velkomne til å motta håp, liv, styrke, nåde og tilknyting til fellesskapet i nattverden. Eg er sikker på at akkurat som Jesus gjerne spiste og hadde måltidsfellesskap med eit mangfald av folk, så er det rom for folk med ulik livsstil og ulike blandingar av tru og tvil rundt nattverdbordet.

Tusen takk for det de har vist oss av livsglede, omsorg og godt fellesskap denne veka. Me tek med oss inntrykket av at kyrkjelydane her er gode folkekyrkjefellesskap.

Kyrkje – skule – næringsliv – kommune
Det er bra at det er god kontakt mellom kyrkje og folk. Kyrkja har mykje viktig å bidra med i liva våre.

Derfor er også skulen bygt på kristne og humanistiske verdiar. I møte med skular, barnehagar på tysdag såg me eit døme på god rolleforståing og positive haldingar mellom kyrkje og skule som kan tena som eit føredøme for andre stader. Skulen veit at trusopplæring er kyrkja si oppgåve. Skulen skal ikkje forkynna eller krevja tilslutning til eit bestemt livssyn, men skal likevel aktivt hjelpa elevane til å orientera seg i møte med dei store spørsmåla, i å bli kjent med eigen tradisjon og utforska andre sine tradisjonar.

Kyrkja er ein viktig ressurs for skulen i dette. Både med kyrkjene som konkrete stader til å sjå korleis kristen tru, kultur og tradisjon har teke form, med tilsette som faglege ressurspersonar på tru og religion og med gode tilbod om gudstenester og vandringar, i ryddige rammer og med høg oppslutning. Kyrkja skulle gjerne hatt fleire ressursar til å samarbeida enno meir aktivt med skulen, men dei ressursane ein har i dag blir nytta svært godt. Me håpar både kyrkje og skule vil halda fram med det gode samarbeidet og sjå etter gode måtar å utvikla det vidare på.

Kyrkjelydane her har også ein flott trusopplæringsplan. Den er tydeleg både på kristen tru og tradisjon og på kva verdiar kristen tru gjev i livet. Planane tek barn og unge på alvor. Trusopplæringsarbeidet er svært effektivt organisert, og med begrensa ressursar rekk ein over mykje, med god kvalitet på det ein gjer.

Sidan skulen heilt sidan 1969 ikkje har gjeve kyrkjeleg kristendomsopplæring, så er det viktig at me har kome i gang med auka fokus på dette i kyrkjelydane. Trusopplæringa rettar seg mot alle døypte og er ein strålande måte å byggja folkekyrkje på. Dette er også eit felt det er viktig å aktivera den gode dugnadshaldninga i bygda, både for folk med mykje og lite kyrkjeleg erfaring. Kyrkja må alltid tenka på korleis ho vil sjå ut i neste generasjon, og i vår tid handlar det om å byggja ut og styrka trusopplæringa. Dette er eit stort prosjekt, så det bør stå svært høgt på lista over det kyrkjelyden prioriterer.

Ved sida av breiddetilboda finst det også, anten i regi av sokneråd eller frivillige organisasjonar, mange tilbod til born og unge. Speidaren utmerkar seg med høg oppslutning gjennom mange år. Det finst tilbod om kor, sundagsskule og ungdomsklubbar. Tusen takk til alle som set av tid til å vera i lag med barn og unge, for å gje dei minne og gleder dei vil ta med seg heile livet.

Det er kanskje ikkje å sjå meir på fjernsyn eller vera lengre på jobb me treng mest her i samfunnet vårt. Me treng stader for fellesskap og levande menneske. Takk for at kyrkjelydane her representerer dette.

Å vera til for andre
Alle har eit sett med grunnleggjande behov. Me har oppgåver og folk som står nær oss som tida vår er til for. Ingen skal ha dårleg samvit for å gjera ein god jobb eller ta seg godt av sine næraste, sjølv om det betyr at andre ting må ligga.

Men kanskje kan det kallast ei freisting å søkja lukka i ting som er retta mot ein sjølv. Ein blir ikkje lukkeleg av å vera sjølvfokusert.

Den klassiske kristne definisjonen på arvesynda, eit krevjande omgrep, kanskje, er å vera innkrøkt i seg sjølv. Det motsette er å vera retta mot andre. Jesus, etterfølgjarane hans, kyrkja gjennom historia, Martin Luther og nyare filosofar og teologar peiker på det gode livet som eit liv som ser ut over seg sjølv. Det krev kanskje at grunnleggjande behov er dekka, men det tener som eit korrektiv til eit liv som kretsar kring seg sjølv.

I kyrkja heiter dette diakoni, eit ord som kjem av ordet for å tena.
Verdien av dette kjenner dei til dømes på Tveit regnskap, der biskopen fekk koma på besøk og møtte fagleg dyktige folk med godt humør, som tener kundane sine gjennom å føra rekneskap og gje god rådgiving. I næringslivet er det jo slik at ein utvekslar tenester mot betaling, og god næringsverksemd er det mange i Vindafjord som veit noko om, anten dei er små eller store verksemder. Men det er jo faktisk slik at arbeidslivet på sitt beste handlar om å gjera gode gjerningar. Det er god teologi og godt kristenliv å gjera godt arbeid andre har nytte av.

Me hadde også eit inspirerande møte med ei gruppe tilsette på Vindafjordtunet. Der strøyma det over med engasjement for dei menneska institusjonane og heimetenestene er til for. Me møtte tilsette med høg fagkompetanse, kloke hovud og varme hjarte, med stor profesjonalitet og emne til å knytta kontakt og bry seg samtidig. Dei siste åra av livet er ikkje dei enklaste, men folk her i bygda kan vera trygge på at dei vil bli møtt med omsorg og teke godt vare på av dei som brukar livet sitt for dei som treng ekstra hjelp. Det var spennande å høyra korleis tenestene rekk mykje lengre ved å involvera frivillige i passande oppgåver.

Omsorgstenesta har også god kontakt med kyrkja. Dei fortalde korleis det rett og slett verkar positivt inn på korleis pasientar har det å få snakka med presten. Ting som ikkje er så lett å løysast med medisin kan bli betre av ein samtale. Samhandlingsreforma legg opp til samarbeid mellom kyrkje og helsetenesta om å dekkja pasientane sine andelege behov – livstolking, forsoning, meining og håp. Dette er også folk her gode på. Og kanskje kan til og med nokre konfirmantar koplast på kontakten med omsorgstenesta.

Me vil også oppfordra kommune og kyrkje til å knyta presten til kriseteamet i kommunen. Slik er det mange stader elles i landet, og departementet har nettopp stadfest at det er ein god mal som styrker samfunnet si evne til å møta krisesituasjonar på ein god måte.

Kyrkjelydane her har ikkje tilsett diakon. Det set nokre grenser for på kor langt ein rekk, til dømes i forhold til tilbod til etterlatne etter gravferd, å vera grøn kyrkjelyd eller i fellesskapsbygging og kyrkjelege tilbod til grupper som treng det spesielt. Som kyrkje meiner me at investering i diakoni alltid kastar mykje av seg. Tilsette utløyser større frivillig engasjement.

Samtidig er kyrkjelydane heller ikkje blanke på diakoni. Det finst litt internasjonalt arbeid, besøksteneste og ein trusopplæringsplan som er gjennomsyra av diakoni. Me har utfordra sokneråda til å samla det som finst av diakonalt arbeid i ein plan – og tenka framover på kva som er mogleg. Erfaringa vår er at diakoni også skapar kyrkjelydsvekst. Kyrkja ønskjer jo ikkje bare å snakka om kjærleik, fellesskap og engasjement, men setja det ut i praksis.

Kyrkjelydane har gode misjonsprosjekt – og eit engasjement for misjon som går ut over det spennande arbeidet for Stefanusborna i Kairo og Immanuelkyrkja i Bangkok. Er det noko ein kan vera sikker på ikkje er bortkasta, er det dei pengane og ressursane ein sender hit. Å engasjera seg for misjon bør helst gjerast med begeistring. For det er jo i gjennom å gjera noko for andre at eins eige liv blir rikt.

Organisering
Det er åtte sokn i Vindafjord. Ølen og Bjoa har forsøk med samansett sokneråd, og Skjold og Vikebygd har prøveordning med samansett sokneråd. Prøveordninga fungerer svært godt. Slik det er i dag, gjev prøveordninga meir fleksible rammer i organiseringa enn å slå sokna saman fast, slik at sokna gjerne kan halda fram med dette så lenge det går an. Fellesrådet har eit godt fokus og ei viktig rolle her.

I ein kommune med åtte kyrkjer i åtte lokalsamfunn og begrensa ressursar er det likevel viktig å samarbeida på tvers når ein kan. Det er flott med fellesutval for trusopplæring og felles ungdomsarbeid. Det er flott at folk reiser til andre kyrkjer når det ikkje er gudsteneste i heimesoknet.

Gudstenester

Biskop og bispedømmeråd er opne for lokale forslag og initiativ til både endringar i strukturar og endringar i gudstenesteforordning. Det er lokalt ein er nærmast behova, så innan det som finst av tilgjengeleg ressurs ser biskopen gjerne at ein sjølv kjem med forslag om kva som gjev eit stabilt og godt gudstenesteliv. Me har høyrt at det kan vera aktuelt med nokre endringar og at det kan vera behov for å sjå på kva klokkeslett som fungerer best.

G17-gudstenestene har vist seg som eit tiltak fleire sluttar opp om. Det er bare to organistar i dei åtte kyrkjene, men kyrkjelydane er velsigna med mange dyktige frivillige musikarar og songarar og mange unge talent. Dette håpar eg det blir lagt gode planar for. Dette arbeidet er viktig for å gje eit variert og allsidig gudstenestetilbod.

Det er viktig å ikkje sjå ulike gudstenesteformer som konkurrentar, men som tilbod som fungerer best i samklang. Tradisjonelle gudstenester byggjer også på ein rik tradisjon av bøner, bibeltekstar og liturgiske ledd ein kan involvera seg i. Det er flott når konfirmantar og barn blir kjende med gudstenesta og får delta så dei kjenner seg heime.

Takk til frivillige
Det har vore fint å møta dykk, både tilsette, frivillige og tillitsvalde. Me har møtt ein triveleg gjeng med mange talent og godt humør, høg kompetanse, oppbretta erme, slitestyrke, gode idéar og kjærleik til kyrkja og Herren. Tusen takk for fellesskap og teneste! Skjold, Vats og Vikebygd ville ikkje vore like gode stader å bu utan alle som i stort og smått opnar Guds rike for alle slags menneske, anten det er gjennom å kle seg i speidarskjorte, stille som leirleiar eller nattevakt, laga kyrkjelydsblad, bæra pallar til ei midlertidig scene, baka ei kake, blanda stemma si med eit kor, be bøner i ei gudsteneste eller sjå nokon i auga og lytta når livet ikkje er så lett.

Det har strekt seg nokre flotte regnbogar over oss denne veka. Ein av dei var så klar at det kjendest som me kunne ta på han. Regnbogen har vore eit symbol på truskap frå Gud, heilt sidan dei eldste, over 3000 år gamle forteljingane i Bibelen. Når folk såg regnbogen, visste dei at Gud var god. At det vel kunne vera stritt frå tid til anna. At me menneske ikkje har full kontroll. Men at Gud byggjer bruer mellom jord og himmel.

I Skjold, Vats og Vikebygd er kyrkjene slike bruer. Der finn me bruer inn i Guds rike for oss, der Gud kjem til oss, gjennom kvarandre, i gudstenester og i heilage handlingar. I  både kvardag og høgtid finst det mange høve til å koma til kyrkje og ta imot nåde. Kanskje er det skatten ved enden av regnbogen.

Folk som bur i Skjold, Vats og Vikebygd har ei kyrkje som bryr seg om dei. Dei har ei allsidig kyrkje, med aktiviteter for barn, unge, vaksne og eldre. Dei har kyrkjer med låg terskel. Dei har kyrkjer der dåp, nattverd, tiltak for barn og unge, heilage ord, heilage handlingar og eit alminneleg godt fellesskap gjer Gud litt meir synleg i verda. Bruene mellom jord og himmel er regnbogen, vakre og fleirfarga – og dukkar ofte opp på overraskande stader.

Me som er glade i kyrkja skal både vandra på dei sjølv og invitera andre med. Sats vidare på trusopplæring, fellesskap og god kontakt mellom lokalsamfunn og kyrkje – så vil det framleis finnast like trivelege, levande kyrkjelyder her, neste gong det kjem ein biskop på visitas.

Kontaktinformasjon for Stavanger bispedømme

Stavanger bispedømme

Lagårdsveien 44

4010 Stavanger

Telefonnummer: 51 84 62 70

Epost: stavanger.bdr@kirken.no

Åpningstider: 08.30-15.00