Bispedømerådet delte ut OVF-midlar og tilsette prost

I møte 23. februar tilsette Bjørgvin bispedømeråd prost i Nordfjord og sokneprest i Fana. Tildeling av OVF-midlar og plan for skifte av biskop i 2023 stod også på sakskartet.

Den 8. mars 2009 vart Halvor Nordhaug vigsla som biskop i Bjørgvin. Her saman med HM Kong Harald etter gudstenesta. No har bispedømerådet lagt løpet for å finna biskopen sin etterfølgjar. Foto: Svein Tøsse

Sokneprest Mari Saltkjel vart tilsett som prost i Nordfjord. Sokneprest Aage Mjeldheim vart tilsett som sokneprest i Fana prosti med Fana sokn som tenestestad.

OVF-midlar

Bjørgvin bispedømeråd utbetalar samla kr 875.000,- i midlar frå Opplysningsvesenets fond (OVF).
I denne summen er det sett av 150.000 kroner i støtte til misjonsrådgjevarstillinga i bispedømet, 11 av prosjekta gjeld arbeid blant born og unge, 14 diakoni, åtte kyrkjemusikk og kultur og fem gjeld gudstenesteliv.


Plan for skifte av biskop i 2023

Biskop Halvor Nordhaug går av med pensjon og har si avskilsgudsteneste 20. november 2022. Prosessen med å finna ny biskop startar i haust. Då vil bispedømerådet senda ei undersøking ut til sokna med spørsmål om kva kvalifikasjonar ein meiner bispedømerådet bør sjå etter hos ein ny biskop. Ein vil også be om forslag til kandidatar. Vidare arbeid med tilsetting kan ikkje starta før det er utnemnd ny biskop i Hamar. Kyrkjerådet vil truleg utnemna ny biskop i Bjørgvin i april/mai 2023.

Kystpilegrimsleia

Kystpilegrimsleia har fleire interessentar, bl.a fylkeskommunen, kommunar og reiseliv, i tillegg til kyrkja. Kyrkja sitt ansvar er å sikra eit kyrkjeleg innhald og å forvalta kyrkjene. Bispedømerådet vil bl.a. tiltak tilrettelegge for at enkeltmenneske og lokale miljø sjølv vil bruke si lokale pilegrimslei og slik naturleg vil kunne bidra med kyrkjeleg innhald og vere eit godt vertskap for besøkande pilegrimar.
Ordninga med 20 % pilegrimskoordinator i Røldal og Selje vert forlenga ut 2022.

Bispedømerådet gjorde også vedtak om at bispedømet skal vera medlem av samarbeidsorgan som skal sikre samarbeid og gode råmer for arbeidet mellom aktørane som er kytt til Selje klosteranlegg og klosterøya Selja.

Bispedømerådet hadde også oppe Magnus Lagabøtejubileum i 2024, der det er ønskjeleg å ha med biskopen i jubileumskomitéen. Vidare gav dei ei søtteerklæring til eit tverrfagleg antimobbe-prosjekt i kommunane i Nordfjord. Tanken bak prosjektet er å bevisstgjere vaksne om vår felles ansvar som rollemodellar for born og unge i vår måte å snakke til og om andre.

For andre saker, sjå protokollen via lenke nedst på denne sida.

Sakliste

1/22 Sakliste
2/22 Godkjenning av protokoll Bjørgvin bispedømeråd 07.12.2021

Saker til behandling

3/22 Rekneskapsrapport 3. kvartal 2021
4/22 OVF 2022 - søknader og vedtak 5/22 Plan for skifte av biskop 2023
6/22 Kystpilegrimsleia - Frå prosjekt til realitet. Kyrkja si rolle 7/22 Heilag- og besøksmålet Selja – samarbeidsavtale 8/22 Magnus Lagabøtejubileum i 2024 - Landslova 750 år - Førespurnad om partnarskap og deltaking i jubileumskomite 9/22 Støtte til antimobbeprosjekt i Nordfjord
10/22 Samarbeidsavtale SMM og Bjørgvin bispedøme 2022-2026

Orienteringssaker

11/22 Stiftelsen Kirkens Bymisjon i Bergen - uttalelse fra opprettere ifm. vedtektsendringer Tilsettingssaker
12/22 Tilsetting - Prost i Nordfjord prosti
13/22 Tilsetting av sokneprest i Fana prosti, Fana sokn
14/22 Tilsetting av sokneprest i Sunnfjord prosti, sokna i Kinn

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"