No blir prestane tilsett av eit tilsetjingsråd

Den 15. januar vart den første presten i Bjørgvin tilsett av eit tilsetjingsråd. Dette er ei ny ordning frå årsskiftet. Tidlegare har bispedømerådet tilsett alle prestar i sine møte.

Første tilsettingsråd i Bjørgvin: Frå høgre soknerådsleiar i Lykling sokn, Hildegunn Stautland, prost Svein Arne Theodorsen, HR-sjef Therese Nesse Mokkelbost, tenesterepresentant Aage Mjeldheim og HR-rådgjevar Benedicte Bergtun (sekretær i møtet).

– Den nye ordninga flyttar ansvaret for tilsettinga nærare soknet. Det nye i høve til tidlegare, er at det er prosten som kjem med forslag om kven som skal tilsetjast og at soknerådet er med i tilsetjingsrådet.  I tillegg til desse er stiftsdirektøren representert ved HR-sjefen i bispedømet og prestane ved ein tenesterepresentant.  Dessutan er ein sekretær for møtet til stades.

Når det gjeld tilsetjing av prostar, vil dette bli gjort i bispedømerådet. 

Det var stillinga som sokneprest i Lykling og Bømlo som var først oppe i tilsetjingsrådet. Fire andre stillingar var også oppe i tilsetjingsråd denne dagen. Kven som vart tilsett, blir kjent etter at dei tilsette har fått melding og har fått svart på om dei tek imot stillinga. Dei har åtte dagar på seg til å svara på dette.

Etter planen for våren har tilsetjingsråda i Bjørgvin møte 14. mars, 8. mai og 12. juni. Det kan bli endringar i denne planen. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"