Konfirmantane er håpsberarar

– Kvar einaste dag blir vi minna om det: Eit mørke kviler over kloden vår. Krig, sult og naud. Vi treng håp og sjå at vi kan gjera noko, skriv biskop Ragnhild som peikar på konfirmantane som håpsberarar når dei samlar inn pengar til Kirkens nødhjelp sin fasteaksjon.

Biskop Ragnhild oppmodar til å støtta fasteaksjonen og kallar konfirmantane og andre som er med for håpsberarar. Foto: Geir Endre Kristoffersen

Krigen i Ukraina har rasa i over to år. I Sudan gjennomlever innbyggjarane det som i dag er verdas største humanitære krise. I Gaza fører krigshandlingane til ufatteleg naud og menneske på flukt. Menneskelege lidingar er ein del av det vi dagleg ser i tv-ruta, dei treff oss i sosiale media og på radioen. Det er nesten umogleg å stengje det ute, og vanskeleg å sjå glimt av lys.

I alt det vonde vi må forhalde oss til, treng vi håp. Vi treng glede, vi treng å sjå at det nyttar og vi treng å kjenne at vi kan vere noko for andre. Kirkens Nødhjelps fasteaksjon er ein håpsaksjon. Den syner at det er håp og at det nyttar. Den syner at det å bry seg om andre kan endre liv, landsbyar og land. Takka vere Kirkens Nødhjelps fasteaksjon kunne organisasjonen rykke ut med livsviktig naudhjelp til ofre for jordskjelva i Syria og i Afghanistan, etter flaumen i Malawi og til tørkekatastrofen i Somalia. Kirkens Nødhjelp var også blant dei fyrste som kom inn med hjelp i Ukraina då krigen braut ut. Organisasjonen har også delt ut mat i Gaza og bygd doar til flyktningane frå Sudan i Sør-Sudan. Vatn, mat, telt, tepper og hygieneartiklar er delt ut til ofre for ulike humanitære kriser takka vere Kirkens Nødhjelps fasteaksjon. Tusenar av menneske har fått håpet attende.

Førebyggje kriser

Like viktig som det er å vere til stades i kriser, er det viktig å forebygge dei. Det gjer Kirkens Nødhjelp gjennom sitt langsiktige arbeid med vatn. Reint vatn reddar liv, forebygger sjukdomar og kjønnsbasert vald. Det er håp i ein drope vatn! Det kan gje enorme ringverknader. Slik det har gjort for Rachelle i Libanon. Landsbyen hennar har fått vatn i Bekaadalen etter at Kirkens Nødhjelp har bygd ein vasstank på 800.000 liter. Hit strøymde flyktningar frå Syria, og kampane gjekk føre seg berre ein kilometer frå vasstanken. No kan både flyktningar og lokalbefolkninga dele vatnet, dyrke grønsaker og halde seg friske. Dessverre står Libanon i mange kriser og unge menneske rømmer landet med von om å skaffe seg ei betre framtid. Heldigvis finns det gode løysingar som kan få menneske ut av fattigdom og svolt. Som kan gjere menneske motstandsdyktige mot klimaendringar, sjukdomar og som kan sørge for vatn der ingenting vil gro.

40 000 frivillige håpsberarar

Nesten 800 millionar menneske lever utan tilgang til reint vatn i verda i dag, norske konfirmantar gjer noko med det. No skal 40.000 frivillige med konfirmantane i spissen samle inn pengar til Kirkens Nødhjelps livsviktige arbeid for vatn. Dei er våre verdifulle håpsberarar.

Norske kyrkjelydar mobiliserer sine eigne ungdomar, konfirmantane, til å gå med bøsse for at unge skal få vekse opp i ei rettferdig verd. Ta vel imot dei når dei kjem på døra med bøsse eller ber deg sponse morosame utfordringar under aksjonsdagane 17.-20. mars 2024.

Det er håp i en drope vatn. Vi står saman for ei rettferdig verd.

Biskop Ragnhild Jepsen

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"