Seminar om barn med utviklingshemming

Korleis kan ein best leggja til rette for at barn med utviklingshemming kan delta i lokalkyrkja sine aktivitetar og trusopplæring? Dette blir det samtale om i Førde 5. oktober.

5. oktober er det seminar i Førde for foreldre, tilsette og frivillige (ill.bilete med lisens frå Adobe istock)

Torsdag 5. oktober blir det erfaringsdeling og samtale i Førde kyrkjetun i Førde i Sunnfjord. Målgruppa for dette seminaret er foreldre til barn med utviklingshemming opp til 15 år, tilsette i kyrkja som arbeider med barn og unge og frivillige i lokalkyrkjeleg arbeid.

Tid: 5. oktober 2023, kl. 18.00 - 20.30
Stad: Førde kyrkjetun, Førde (trykk for kart)
Servering: Enkel kaffi/småmat
Pris:  Gratis
Påmeldingsfrist: 1. oktober

Tema for seminaret er:

  • Lokalkyrkja sin kompetanse på tilrettelegging og involvering
  • Rettar og plikter i Den norske kyrkja for individuell tilrettelegging
  • Erfaringsdeling og samtale om kvifor så få barn med utviklingshemming deltek i lokalkyrkja sine aktivitetar/trusopplæring

Desse vil ein møte på seminaret: 

Inge Nordhaug – klinisk psykolog i barne- og ungdomspsykiatri
Gunn Karoline Fugle – musikkterapeut/forfattar
Sverre Johan Nærheim – Rådgjevar trusopplæring og misjon
Gry Sætre – kyrkjelydspedagog Sunnfjord kyrkjelege fellesråd/NFU
Jostein Bildøy – regionleiar/inkluderingsrådgjevar Bjørgvin bispedømme, forfattar av "Eg og - Konfirmantopplæring for multifunksjonshemma"

Seminaret er arrangert av Sunnfjord kyrkjelege fellesråd, Bjørgvin bispedømme og Normisjon region Sogn og Fjordane i samarbeid med Sunnfjord prosti.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"