Godkjende lister prest og lek tilsett kandidat

Ved val av lek tilsett medlem og geistleg medlem av bispedømerådet, er det nominert fem kandidatar på kvar av desse listene. Valrådet har godkjent listene på sitt møte 18. april. No kan ein evt. foreslå supplerte kandidatar innan 15. mai kl. 12.00.

Prestane og dei lek tilsette skal stemma digitalt. Dette kjem det meir informasjon om om nærare valet. (Foto: Bo Mathisen)

Medlemet vil bli vald gjennom preferanseval, og lista er difor alfabetisk, utan noko prioritert rekkefølgje.  

Lek tilsette

Solveig Gravem Angelskår, f. 1980. Dagleg leiar i Osterfjorden.
Kalaregy Drange, f. 1962. Kyrkjetenar i Sandviken og Eidsvåg. 
Rita Eldholm, f. 1972. Diakon i Åsane.
Audun Mundal, f. 1966. Kyrkjeverje i Gloppen.
Beate Nes, f. 1979. Kateket i Stryn. 

Prestar

Kjersti Brakestad Boge, f. 1973. Sokneprest i Kvinnherad
Vegard Bondevik Lie, f. 1974. Sokneprest i Leikanger
Arne Mulen, f. 1969. Spesialprest i Åsane.
Kjersti Gautestad Norheim, f. 1974. Sokneprest i Birkeland
Marte Birkeland Åsen, f. 1992. Kapellan i Søreide

Supplerande nominasjon

Valreglane seier at minst ti med stemmerett, høvesvis prestar eller leke kyrkjeleg tilsette, kan fremje forslag om alternative kandidatar i den supplerande nominasjonen innan kl. 12 den 15. mai. Det er eit krav om at dei ti må komme frå minst to prosti. Forslagsstillarane må ha underskrive forslaget, og dei må oppgi ein tillitsvald. Underskriftene på forslaget kan vere skanna. Forslagsstillarane kan berre nominere ein kandidat. Forslagsstillarane må også innhente skriftleg stadfesting frå kandidaten om at vedkommande er villig til å stille til val.
Forslagsstillarane må vedlegge tilsvarande opplysningar om supplerte kandidatar som dei ein må oppgi om dei ordinære kandidatane, jf. forskriften § 3-2 (2) b siste setning og (4).
Dersom forslaget til kandidatar ved supplerande nominasjon blir godkjent av valrådet, skal kandidatane førast opp på den endelege vallista. Valrådet avgjer om forslaga om supplerande nominasjon skal godkjennast innan 22. mai 2023, jf. § 7-1.

Sjå lenker nedst på sida til skjema for supplerande nominasjon. Forslagsstillarane fyller ut skjema 8.1.3a eller 8.1.3b og sender det signert til valrådet i Bjørgvin, same adresse som bispedømerkontoret (sjå nedst på nettsida). Kandidaten må fylle ut elektronisk skjema seinast 20. mai (sjå lenke nede på denne sida).

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"