Hamre kyrkjestad 1000 år

Kyrkjestaden Hamre på Osterøy feirar 1000-årsjubileum i 2024. Sundag 26. mai er det fest og jubileumsgudsteneste, og dit kan du kome med veteranskipet M/S Granvin.

Du kan bli med M/S Granvin til jubileumsgudsteneste på Hamre 26. mai

I 1024 bestemde Olav Haraldsson at Hamre skulle vere kyrkjestad, og heilt sidan den gong har det vore kyrkje på staden. Hamre ligg sentralt til i fjordsystemet i Nordhordland, så det var nok ikkje rart at kongen utnemdne denne staden som hovudkyrkje for regionen mellom Fana og Gulen. 

Sundag 26. mai kl. 11.00 blir det festgudsteneste i Hamre kyrkje ved biskop Ragnhild Jepsen. For å kome seg fram til gudstenesta, er det mogleg å reise med veteranbåten M/S Granvin. Åsane Historielag inviterer i samarbeid med kyrkja til denne seglasen.

Avgangar:
Vågen/Fisketorget kl. 09.00
Tømmervågen kl. 09.30
Salhus kl. 10.00
Steinestø kl. 10.30
Retur etter gudstenesta.

Meir informasjon om turen og påmelding finn du i dokumentet "Informasjon om påmelding til tur med MS Granvin" frå Åsane historielag. 

PS: Kyrkjebygget som no ligg på Hamre har ikkje vore der sidan 1024, men det har vore der heilt sidan 1622.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"