Hauge-sokken er klar

Som del av Hauge-dagane i Bjørgvin vart det lyst ut konkurranse om å utforma ein Hans Nielsen Hauge-sokk. No er vinnarsokken klar, den er designa av Elisabeth Attramadal.

Vinnar Elisabeth Attramadal (t.v.) fekk skryt av juryleiar Hege-Therese Nilsen under utdelinga av prisen for beste Hauge-sokk. Foto. Vetle Karlsen Eide

Vinnaren vart kåra på Hauge-konferansen i Bergen. Hans Nielsen Hauge var kjent for å strikka i fengsel og på reiser i Noreg. Sannsynlegvis strikka han sokkar som var lette å ta med, lette å strikke og dei var eit heilt naudsynt klesplagg på turane hans. Norsk folkemuseum skriv at «hans strikkeferdigheter var faktisk så kjent at han i fengselet fikk bestillinger på vanter fra Kristianias finere fruer. De leverte selv garnet, og han tjente penger til penn og papir.»

Kravet til sokkane som var med i konkurransen var at dei skal kunne bli brukt av vaksne og born. Dei skal vere funksjonelle og gjerne i fleire fargar, prega av både tradisjon og fornying.

Sokken er kvit med grått mønster. Tanken bak dette er inspirert av Hauge som ville bringa det heilage inn i kvardagen. Vinnaren skriv: - Ein vanleg sokk får det heilage og reine over seg (kvit), samstundes som krossen i sokkemønsteret blir gjort grå – kvardagsleg og allment. Hauge snakkar om å finna det gudommelege i kvardagsaktivitetane våre: Når me vaskar, eller jobbar i åkeren. Me møter Gud i kvardagen – gjennom arbeidet vårt.

Det er Norges Husflidslag saman med Bymuseet i Bergen, HimalPartner, Kystmuseet i Øygarden og Bjørgvin bispedøme som har tatt initiativ til konkurransen, saman med Hillesvåg Ullvarefabrikk.

Juryen hadde medlemer frå arrangørane og var leia av Hege-Therese Nilsen frå Norges Husflidslag. Dei skriv bl.a. - Vinnersokken er enkel, ren, en fin søndagssokk. Den har en god form og sitter fint på foten. Det er en sokk de fleste kan strikke og den er elegant i sin enkelhet.

Det er laga ei oppskrift til sokkane og dei kan strikkast (sjå lenke nedst på sida)

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"