Kurs i åndeleg vegleiing

Bjørgvin bispedøme vil frå oktober 2022 tilby kurs i åndeleg vegleiing. Kurset inneheld to fellessamlingar og nokre gruppesamlingar, fysiske eller digitale. Søknadsfrist: 15. mai.

Utsikt frå Holmely, der ei av kurssamlingane skal vera. Foto: Holmely

– Det har over tid vore etterspurt kurs i åndelege vegleiing. Difor vart det tatt eit initiativ i Bjørgvin bispedøme for å kome ynskje i møte, og vi er vi glade for at vi no kan tilby dette kurset, seier prest i Domkirken menighet i Bergen May Bente Matre. Saman med domprost Gudmund Waaler og personalprest i Bjørgvin, Bård Haukedal utgjer ho ei arbeidsgruppe som har arbeidd med kursplanane.

Ho trur eit slikt kurs vil vera verdifullt for deltakarane og kan vere ein inspirasjon til å søkje til kjelda for det som djupast sett ber trua og tenesta. 

Kurset består av to fellessamlingar:

  • Første kursveke - veke 42 2022 (frå 17. oktober) - blir hos St Joseph-søstrene på Grefsen. 
  • Andre kursveke – veke 12 2023 (frå 20. mars) - blir på Holmely omsorg- og retreatsenter på Bryggja i Nordfjord. Kursvekene er frå mandag  kl. 12.00 til fredag kl. 12.00.

Mellom kursvekene blir det arrangert gruppesamlingar - digitale eller fysiske møte. Deltakarane skriv også refleksjonsnotat mellom samlingane.

Ignatiansk vegleiing

Emnet gir ei innføring i åndeleg vegleiing slik den kjem til uttrykk i den kristne tradisjonen. Den ignatianske vegleiingstradisjonen har fått størst merksemd i nyare tid, særleg i protestantisk samanheng, og vil vere mest sentral i emnet. Denne tradisjonen har vist seg nyttig som ei hjelp til å møte menneske sin lengt/søk etter ein spiritualitet/tru og som ei hjelp til eksistensiell fordjuping.

Studiepoeng

Kurset skal etter planen gjennomførast i samarbeid med NLA Høgskolen. Dersom nødvendige godkjenningar kjem på plass, vil ein få 15 studiepoeng etter gjenomført kurs. 

Bjørgvin bispedøme vil dekka det meste av utgiftene for inntil åtte prestar på kurset. Det vil i tillegg vera plass til fem andre deltakarar. Det går an å søkja fellesrådet om støtte. 

Kravet for å søkja plass på kurset er at ein har minst eitt års relevant arbeidserfaring frå arbeid i kyrkjelyd eller kristen verksemd, og utdanning på bachelorgrad-nivå eller høgare. 

Søknadsfrist: 15. mai 2022. 

Les meir om kurset via lenke nedst på sida. Der finn du også lenke til påmelding. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"