Kurs i kyrkjeleiing saman med den engelske kyrkja

Bjørgvin bispedøme har eit godt samarbeid med Southwark bispedøme i Church of England. Saman med NLA høgskolen i Bergen og bispedømet i London, er det laga eit kurs for å leie kyrkja i ei ny tid.

Biskop Ragnhild i samtale med Maren Tischendorf og andre kursdeltakarar frå Noreg og Storbritannia.
I overgangen august-september var prestar frå England og Noreg, samt ein student ved NLA, samla i Bergen i tre dagar for å starte på kurset "Leading ecclesial change and growth in contexts ". Bård Norheim, professor i teologi ved NLA Høgskolen, leier kurset saman med Nick Shepherd som er førsteamanuensis og arbeider i Church of England med frivilligheit og nye former for å vere kyrkje. 
 
Shepherd fortel oss at det ti veker lange kurset er for prestar, prostar og andre kyrkjelege leiarar og at det handlar om å leie endring. Bjørgvin og Soutwark i London er venskapsbispedøme, og det var her samarbeidet om kurset starta. I år er og venskapsbispedøma Møre og Newcastle med, og i neste omgang, om to år, er planen at Stavanger og Carlisle og er med.
Førsteamanuensis Nick Shepherd på NLA Høgskolen i Bergen
 

Praktisk kurs for leiarar

- Dette er ein måte å knytte venskapsbanda på, fortel Shepherd.  - Det er eit praktisk kurs for våre leiarar, og gi dei ein sjanse til å danne eit læringsfellesskap, til å snakke om utfordringane sine og korleis ein nærmer seg utfordringane. Det handlar og om kva nye ting kyrkja gjer for å vekse og lære.

Norheim synes og det er bra å ha eit samarbeid mellom den norske og den engelske kyrkja om eit slikt kurs.

Biskop Ragnhild Jepsen og professor Bård Norheim

 

 

- Det spennande med å samla prestar frå Den norske kyrkja og Church of England, seier han, - er at vi har nok til felles til at vi har noko å snakka om, og nok er ulikt til at det blir spenn og dynamikk i samtalen om kva det vil seia å leia kyrkja i ei tid med store endringar, særleg når det gjeld kyrkja sin posisjon og rolle i samfunnet.

På den tredje dagen av kurset var biskop Ragnhild til stades for å fortelje om ståa i kyrkja i Noreg. Ho snakka mellom anna om kyrkja i det offentlege rom og kor viktig det er kva ord ein vel i det offentlege rommet.

Nytt kurs i 2025

Ei av dei som deltok på kurset, er den ferske prosten i Bergensdalen Maren Flotve Tischendorf. Ho er glad ho starta på dette kurset.
- Dette er veldig interessant, seier ho, - Det er praksisnært, og vi får ta med problemstillingar vi har i kvardagen for å drøfte dei med andre. Og så handlar det om å vere kyrkje i ei tid i endring.

Dei neste ti vekene skal kursdeltakarane sjå forelesningar på nett og levere oppgåver, før dei avsluttar kurset i London.

Etter planen vil eit nytt kurs starte opp hausten 2025. Prestar, prostar og andre som er interesserte i å vere med då, kan kontakte Tore Skjæveland. Kontaktinfo finn du nedanfor.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"