Biskopen og kulturministeren samtalar om tru

Kulturminister Lubna Jaffery og biskop Ragnhild møtest til samtale om tru i Bergen domkirke 19. september kl. 18.00. Deretter kan du oppleva festframsyninga «Dei guddommelege søstre» i regi av Den nationale scene, med nye tekstar av Jon Fosse, Ruth Lillegraven, Brynjulf Jung Tjønn og Maria Tryti Vennerød, framført av skodespelarar frå Den Nationale Scene, i tillegg til musikalske innslag.

Biskop Ragnhild Jepsen og kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery møtest til samtale om tru i Bergen domkirke. Fotomontasje: Bjørgvin bispedømekontor og Ilja C. Hendel/KUD

Samtalen mellom kultur- og likestillingsministeren og biskopen er ein av biskopen sine temakveldar i Verdiåret 2024 og blir moderert av domprost Gudmund Waaler.

Festframsyning

Dei guddommelege søstre, Rettferd, Sanning, Nåde og Fred, kviskrar, skrik, kjempar og syng for oss i ei unik festframsyning. Med nyskrivne tekstar og fleirstemde salmar og folketonar, feirar vi dydane som bind oss saman som borgarar og medmenneske.

Då den norske staten vart skapt på 1100-og 1200-talet, og Noreg gjekk frå eit vikingsamfunn til å følgje Magnus Lagabøtes landslov, spelte historia frå Bibelen om dei fire guddommelege søstrene ei heilt sentral rolle. Til og med på vestveggen til Nidarosdomen finn du dei, Rettferd, Sanning, Nåde og Fred, som ei påminning om å verne demokratiet og ta dei med inn i framtida.

Denne kvelden vert dei fire guddommelege søstrene løfta fram og inn i vår eiga tid av skodespelarar frå Den Nationale Scene og tekstar av Jon Fosse, Ruth Lillegraven, Maria Tryti Vennerød og Brynjulf Jung Tjønn. Med er også det prislønna vokalensemblet Multa Paucis og musikarane Karl Seglem og Kåre Opheim.

Kunstnarleg konsept: Ragnhild M. Gudbrandsen 

Tekstar: Jon Fosse, Ruth Lillegraven, Maria Tryti Vennerød og Brynjulf Jung Tjønn

Regi: Ragnhild M. Gudbrandsen

Musikalsk produsent: Helge Lilletvedt 

Musikarar: Karl Seglem, Kåre Opheim 

Skodespelarar: Sissel Ingri Tank-Nielsen, Tomine Mikkeline Eide, Katrine Dale, Ragnhild M. Gudbrandsen 

Dirigent: Mikael Hedné 

Kor: Multa Paucis 

Lysdesign: Thale Tollefsen

Festframsyninga er ein samproduksjon mellom Gulatinget 2024 og Den Nationale Scene. I samarbeid med  Bergen kirkeautunnale – Kyrkjekultur Vest – Bjørgvin kirkeakademi og Bjørgvin bispedøme. Den har fått særskilt tilskot frå Vestland fylkeskommune i høve Landslovsjubileet i Vestland.

Billett: 250,- kr. Lenke til billettsal nedst på sida 

Temakveldane er ein del av Landslovjubileet i Vestland som er eit samarbeid mellom: Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Universitet i Bergen, Bymuseet, Statsforvaltaren i Vestland, Den norske kyrkja, Høgskolen på Vestlandet og 1000-årsjubiléet til Moster. 

Temakveldane er i tillegg støtta økonomisk av Bergens Riksmålsforening.

NB! Temakvelden med festframsyninga er ferdig i tide til at du kan få med deg konserten "Pilegrim" med Janne Mark trio og Arve Henriksen i Nykirken kl. 20.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"