Lærerik time om verdiar

Året i år er Verdiåret 2024, og i den anledning kom elevar frå Bergen Katedralskole ein fredag morgon til Bergen domkirke for å høyre om Magnus Lagabøte og endringane Landslova hans førte med seg.

Gudmund Waaler fortel ungdom frå Bergen Katedralskole om Magnus Lagabøte og Bergen domkirke. Foto: Malene Mortensen

Lyset i taket vart slokt, og berre dei blafrande stearinlysa på alteret og langs veggane braut mørkret i den høge katedralen.

– Eg vil ta dykk med tilbake i tid, og då var det berre levande lys som dette ein brukte. Og i kyrkja var det kaldt, slik det er i dag.

Slik starta domprost Gudmund Waaler sitt foredrag for ungdommane, vandrande inn med eit lys i ein lysehaldar i handa. Dei rundt 70 elevane følgde spende med medan dei blei tatt med tilbake til førkristen tid, der ættesamfunn og hemnrett regjerte.

 

Dei to sidene av midtgangen fekk vere kvar si ætt, og domprosten lot ungdomane på den måten erfare at støtte frå ætta trumfa sanning og rettferd, medan den stakkars Lauritz som sat åleine bakerst, fekk spele ættelaus og utan store sjansar i samfunnet. Waaler fortalde levande om korleis klosterrørsla seinare endra haldningane i byen, og at til klostra kunne fattige og ættelause som Lauritz kome og få hjelp. 

Etter ei vitjing i skrudhuset som er eit kapell like ved sida av kyrkjerommet, og ei samling framme i koret, der Magnus Lagabøte mest truleg er gravlagd, held Waaler fram med å fortelje om landslova frå Lagabøte. Korleis Lagabøte alltid let domfelling møte "Guds fire døtre", Sanning, Rettferd, Miskunn og Fred, vart og tydeleg illustrert. Elevar fekk spele ein rettsal med domarar, anklaga, anklagar og vitne, og prosten forklarde korleis domen skulle vere sann, rettfedig, miskunnsam og føre til fred. Dette sto i kontrast til hemnretten i ættesamfunnet, og kanskje er det òg krefter i vår tid som truar desse dydene?

Til slutt fekk ungdommane skrive eit brev til stortingspresidenten der dei fortalde kva verdiar som er viktige for dei i dag. Desse breva skal samlast saman med brev frå fleire ungdomar i løpet av året, mellom anna på verdiseglasane langs kystpilegrimsleia.

Mykje å lære

Dei to elevane Juliette og Solvår syntes dei fekk lære mykje den stunda dei var i domkyrkja denne fredagen.


Juliette Bui-Xuan og Solvår Hammer

Eg hadde høyrt noko om "dei fire døtrene" før, men først no forsto eg kva som var meininga med dei, fortel Solvår. 

 Dette med miskunn forsto eg og meir av no, korleis det speler ei rolle for dei som er anklaga.

Eg har lært mykje i dag. Det var veldig fint å få lære meir om dette bygget og, legg Juliette til, 

Eg likte veldig godt å vere inne i det kapellet. Der har eg ikkje vore før. Det var veldig fint der.

Viktige verdiar

Alle elevane fekk som tidelgare nemnd skrive brev til stortingspresidenten. Der skreiv dei mellom anna kva verdiar som er viktige for dei. Her er fire heilt tildeldig valde utdrag frå desse breva:

"De viktige verdiene for meg er rettferdighet, frihet, kjærlighet og miljøvern."

"Ein viktig verdi for meg er kjærleik. Kjærleik hos framande og nære. Kjærleik som gir ei kjensle av å høyre til (...) Eit liv å sjå tibake på og seie 'Eg fekk det til'."

"De viktigste verdiene for meg er rettferdighet, samfunn og diversitet. Uten disse tre tingene hadde menneskeheten aldri kommet så langt som vi har."

"Kjære Stortingspresident. For meg er det viktig at alle får mulighet til å bli tilgitt, at alle mennesker får mulighet til å bli en bedre versjon av seg selv." 

I verdiåret 2024 vil fleire ungdomar få lære om korleis den 1000 år gamle kristenretten og den 750 år gamle landslova har gitt viktige verdiar til landet vårt.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"