Video frå temakveld om bioteknologi og miskunn

No kan du sjå opptak av ein interessant temakveld der biskopen hadde besøk av ei mor til ein mann med utviklingshemming og ein professor i samfunnsmedisin. Tema var miskunn - bioteknologi og fosterdiagnostikk.

Kari Elster Moen (i midten) og Geir Sverre Braut var gjester hos biskopen på temakveld om bioteknologi og fosterdiagnostikk i lys av verdien miskunn.  Foto: Torfinn Wang

– Får alle born vekse opp? – Korleis er det å vera mor til eit menneske med utviklingshemming? – Kan miskunn oppfattast som eit negativt omgrep? – Når startar eigentleg menneskelivet? – Gir vi kvarandre rom for å vera sårbare?  Desse og mange andre spørsmål vart løfta fram i samtalar og føredag på denne temakvelden med biskop Ragnhild Jepsen og gjester.  Den eine var Geir Sverre Braut, professor ved Høgskulen på Vestlandet og seniorrådgjevar ved Stavanger Universitetssjukehus. Braut er medlem i bioteknologirådet og spesialist i samfunnsmedisin.  Den andre var Kari Elster Moen. Ho sit i inkluderingsutvalet i Bjørgvin bispedøme og er leiar i Bergen lokallag av Norsk Forbund for utviklingshemmede (NFU). 

Bakteppet for denne temakvelden var Kristenretten på Moster som stadfesta vern om det svakaste livet der ein før hadde teke val for liv som skulle eller ikkje skulle få vekse opp. I vår tid set vi ikkje barn ut i skogen for å døy. Men vi har både midlar og makt til å gjere val for det mest sårbare liv. Bioteknologilova frå 2020 gjev tilbod om tidleg ultralyd til alle gravide, og tillet fostervatndiagnostikk med blodprøve av mor, den såkalla NIPT-testen. Særleg det siste endrar tilhøvet mellom sjølvbestemming og prinsippet om eit samfunn med plass til alle.

Biskopane i Den norske kyrkja har uttrykt bekymring for at lovendringa frå 2020 kan føre til eit mindre mangfaldig samfunn, der levedyktige foster med ulike tilstandar vert valde bort på grunn av sine eigenskapar. Kva for fylgje kan ein slik praksis få for menneskeverdet?  Korleis skal vi, når så mykje er mogeleg, forstå verdien av mangfald, rikdom, det svake og det sårbare? 

Har vi plass til det mest sårbare av alle liv i vårt samfunn?  Korleis forstår vi verdien miskunn i dette perspektivet?

Temakveldane blir arrangert av Bjørgvin bispedøme, saman med Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke.  Dei er ein del av Landslovsjubileet i Vestland.
Temakveldane er støtta av Bergens Riksmålsforening.

Fleire temakveldar å gle seg til

Det blir fleire temakveldar i "Verdiåret 2024" der jubilea for Kristenretten 1000 år og Magnus Lagabøtes landslov 750 år ligg under som premissleverandør. 

25. april kl. 19.00  Guds fire døtre i kunsten
Gjest: Professor emeritus Gunnar Danbolt

19. september kl. 18.00  Om tru
Gjest: Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery
Guds fire døtre - lesing og musikk
v/Den Nationale Scene og Kykjekultur Vest A/S

31. oktober kl. 19.00  Rettferd - reformasjonsdagen
Gjest: Professor Paul Otto Brunstad

21. november kl. 19.00    Fred - Cross of Nails
Gjest: Lagmann, dr. juris Hanne Sophie Greve

Landslovsjubileet i Vestland er eit samarbeid mellom:

Logorekke landslovsjubileet i Vestland som er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Bymuseet, Høgskulen på Vestlandet, Bjørgvin bispedøme, Moster 2024, Bergen kommune, Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"