Dagens bibelord

Jesaja 64,7–

7 Men no, Herre, er du vår far! Vi er leira, du han som formar oss, alle er vi verk av di hand. 8 Herre, ver ikkje harm, hugs ikkje vår skuld for alltid! Sjå no hit, alle er vi ditt folk! 9 Dine heilage byar har vorte til ørken, Sion har vorte ein ørken og Jerusalem ei øydemark. 10 Vårt heilage og herlege tempel, der fedrane våre lova deg, har elden svidd av. Alt vi var glade i, er lagt i ruinar. 11 Kan du tola dette, Herre, teia og audmjuka oss så djupt? 1 Eg hadde svar til dei som ikkje spurde, eg var å finna for dei som ikkje søkte meg. Eg sa: «Her er eg! Her er eg!» til eit folkeslag som ikkje kalla på mitt namn. 2 Heile dagen rekte eg hendene ut til eit trassig folk som gjekk fram etter eigne tankar på vegar som ikkje var gode.