Ensemblet Currentes, under leiing av blokkfløytist Jostein Gundersen, spesialiserer seg på polyfon musikk frå mellomalder og renessanse. Dei held høgt internasjonalt nivå, og har spelt inn fleire CD-ar som har fått svært god mottaking.
Onsdag 11. desember kl. 19 gjestar dei Øvsttun kapell for ei svært intim musikkoppleving: Med viola da gamba, teorbe og blokkfløyter rundar Mikko Perkola, Thor-Harald Johnsen og Jostein Gundersen av Currentes sitt musikalske år med eit variert program av musikk fra 1600- og 1700-tal.
Billettar: Currentes ønskjer at alle skal ha råd til å gå på konsert. Du vel dirfor sjølv kva du vil betale. Betaling ved døra, kontant eller via Vipps: #825371