Tekst: fung. sokneprest Øystein Skauge
Vi ventar på jula. Men først er det advent. Då handlar det om kongen. Han som kjem til oss som den salva kongen. Han som kan få det til å blomstre i øydemarka og som kan få det til å blomstre i våre liv. Han som kan fylle våre lengsler, ikkje berre lengten etter juleribbe, familiekos og julepakkar, men også lengten etter eit frigjort kristenliv i glad teneste for han som er konge, Herre og frelsar for våre liv. Sanneleg: Vi har grunn til å ha forventning!
På våre breiddegrader fell adventstida saman med mørketida.
Vi vil ikkje sleppe mørket til i våre liv. Vi vil sleppe adventstida sitt lys inn til oss. Vi ventar på kongen. På Messias.
Mens vi ventar, jagar vi tvil og vantru på dør.
Vi vil sleppe lyset inn i våre liv, vi vil våge å satse på at våre forventningar skal gå i oppfylling.
Og medan vi gjer det, kan vi syngje adventsongar.
F.eks nr. 9 i salmeboka vår:
Rydd vei for Herrens komme, for frelsen fra vår Gud!
Vår ventetid er omme, han sender oss sitt bud.
Det gamle skal forsvinne. Guds rikes tid er inne!
Velsignet være han som kom i Herrens navn.