Sorgmånaden 2020

I oktober er sorg tema for ei rekkje samlingar i Bjørgvin bispedøme. Vi ønskjer å møta både dei som sørgjer og alle som kjenner nokon som er i sorg.

Sorgmånaden 2020

I Bergensområdet inviterer Bjørgvin bispedøme i samarbeid med lokale kyrkjelydar og organisasjonar til følgjande arrangement som er opne for alle:

12. oktober kl. 18-20.30: «God å snakke med når sorgen rammer» med Karl Dag Bærug, nestleiar Kirkens SOS Bjørgvin. På Bergen offentlege bibliotek. For billett arrangement: https://bjorgvin-bispedome.hoopla.no/sales.

13. oktober kl. 18 – 21: «Tap og sorg hos mennesker med utviklingshemming» med sokneprest Roar Strømme. På Bergen offentlege bibliotek. For billett arrangement: https://bjorgvin-bispedome.hoopla.no/sales.

18. oktober kl. 18: «Håpsmesse i Tveit kirke» med Lars Erik Birkeland (piano), Kjell Bergsvik (saksofon) m.fl. Liturg: Sokneprest Marianne Bergsjø Gammelsæter. Diakonane deltek. Velkommen til ei messe som rommar håp midt i livets mange faser. Messa inneheld songar, musikk og samtalr knytt til håp. Bønevandring og nattverd. For meir info og praktiske opplysningar, sjå: https://kirken-askoy.no/

19. oktober kl. 18 – 21: «Sorgen det ikke sendes blomster til - omstillinger ved samlivsbrudd» med Bergen familierådgivning og tidl. generalsekretær i Kirkens familierådgivning Stein Hardeng. På Bergen offentlege bibliotek. For billett arrangement: https://bjorgvin-bispedome.hoopla.no/sales.

21. oktober kl. 18 – 21: «Sorg og tap av identitet når ein må flykte» med psykolog Zemir Popovac fra psykologfellesskapet Favne, Elisabeth Harnes fra RVTS Vest m.fl. På Bergen offentlege bibliotek. For billett arrangement: https://bjorgvin-bispedome.hoopla.no/sales. Arrangementet inngår som del av FN si Internasjonale uke i Bjørgvin. For meir informasjon om Internasjonal uke; sjå: https://www.fn.no/iubergen

24. oktober kl. 11 – 14: «Hva er sorg og hva gjør den med oss? – sorgseminar» med Kristin Lødøen Hope. I Skjold kirke. Påmelding til diakon Linda Bårdsen, e-post lb878@kirken.no, Mob.483 02 448

24. - 25. oktober. K-helg for kvinner på Nesholmen leirstad, Hyen. Tema: Sorg, omsorg og omtanke. Info og påmelding (frist: 18. oktober)

27. oktober kl. 19.30: «Herre, du bor i mørket. Glimt fra Svein Ellingsens liv og diktning» med Tarald Ueland. Musikk: kantor Ivar Mæland og kyrkjemusikar Hilde Kayser Rohde. Fri entrè. Kollekt på Vipps eller ved utgangen. I Sandvikskirken, Bergen.

29. oktober kl. 19 – 21: «Gudstjeneste: Sorgens ulike ansikter». Sorg handlar om meir enn å miste nokon i dødsfall, det handlar om brotne relasjonar, tap av helse, det som ikkje vart... Med prost Kristin Litlere, seniorrådgjevar i Kirkens bymisjon Eiel Holten, kateket Bodil Bredholt, diakon Åshild Hølleslie Frantzen og organist Vidar Eldholm. For billett arrangement: https://bjorgvin-bispedome.hoopla.no/sales.

I tillegg arrangerer vi desse:

20. oktober kl. 10 – 12 «Metodeseminar: "Sorgen det ikke sendes blomster til - for gruppeledere» med tidl. generalsekretær i Kirkens familierådgivning Stein Hardeng. Stad ikkje avklart enno.

29. oktober kl. 12 – 15: «Tap og sorg hos mennesker med utviklingshemming» med sokneprest Roar Strømme. For offentleg og kyrkjeleg tilsette. I Knarvik kyrkje. For meir informasjon; sjå her

Andre arrangementer
Fana sokn arrangerer minnegudsteneste på Allehelgen. Soknet sender ut invitasjon.

 

Førstehjelp ved sorg
Den norske kyrkja vil i månaden fram mot allehelgen 1. november gjennomføra ein kampanje på nettsider og sosiale medium med tips til korleis ein kan møta folk i sorg. "Førstehjelp ved sorg" er for alle. Kampanjen vart gjennomført for første gong i 2018. Den fekk veldig god mottaking og blir gjentatt i år.

Arrangør

Sorgmånaden er eit samarbeid mellom Bjørgvin bispedøme, Kirkens SOS Bjørgvin, Kirkens Bymisjon Bergen og Fana prosti. I ein del arrangement, samarbeider vi og med andre, som til dømes FN si Internasjonale uke i Bjørgvin (https://www.fn.no/iubergen) og Verdensdagen for psykisk helse (https://verdensdagen.no/)

 

For mer informasjon om «Sorgmånaden 2020» utover info her, sjå: www.kyrkje.no/bjorgvin/sorg

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"