Bli med på dagleg bøn kl. 12.00 kvar dag

Bli med på bønefellesskap i Bjørgvin kvar kvardag kl. 12.00 i tida framover. Då blir det overført ei bønestund med ein kort andakt på nettsidene våre. Biskopen oppmodar til lystenning og bøn i kyrkjelydane samstundes.

- Lat oss gjera det som er normalt i unormale tider - lat oss be, seier biskopen i den første andakten som blir sendt frå Mariakirken i Bergen tirsdag 17. mars kl. 12.00.

Inntil vidare vil andaktene kome frå Mariakirken i Bergen. På dei første tek sangar Berit Opheim og kantor Karstein Askeland del, saman med to prestar.

I eit brev som vart sendt kyrkjelydane via prostane mandag, oppmodar biskopen prestane, andre tilsette og soknerådsmedlemene i Bjørgvin om å tenna et lys kvar dag kl. 12.00 og be for kyrkjelydane.

- På denne måten kan vi skape ei virtuell samling for heile bispedømet kl. 12 kvar dag, med ei felles bøn som mange tek del i, skriv biskopen.

Andakten vil du finna på framsida av Bjørgvin bispedøme sine nettsider.

Kontaktinformasjon for Fana og Ytrebygda kirker

Besøksadresse:


Fana kirke
Fanaveien 320
5244 Fana


Ytrebygda kirke
Skagevegen 7
5258 Blomsterdalen

Postadresse:
Fana sokn
Fanaveien 320
5244 Fana

Tlf: 55 59 32 51

Telefontid 9-15 man-fre, stengt lør-søn

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"