Andakt Skjærtorsdag

Skjærtorsdag samla Jesus sine disiplar til eit måltid. Eit måltid som vi har framleis og minnast han.

Noko av det flottaste eg veit er å sitte rundt eit bord saman med gode vener og dele eit godt måltid. Fellesskapet rundt eit bord, mens ein ete og drikker saman, kan vere heilt spesielt – ikkje minst når det er ingenting ein skal rekke, ingen andre mål for denne ettermiddagen eller kvelden enn å vere saman. Det gir rom for dei gode samtalane; om både det djupe, det kvardagslege, om livet, om tro og tvil og det kan vere plass til mykje tull og tøys. Ein sitter der, rundt bordet, ein ser og er opptatt av kvarandre.

«Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemåltidet i lag med dykk» sa Jesus, då han hadde samla sine disiplar rundt bordet på Skjærtorsdagen. Det var nok på mange måtar eit måltid som dei fleste andre med gode vener, og samtidig var påskemåltidet spesielt ved at dei minna kvarandre på frigjeringa av israelittane frå Egypt. Dette kan ein lese om i første del av 2. Mosebok, eller ein kan sjå animasjonsfilmen «Prinsen av Egypt», som er fin for både små og store.

Når Jesus seier at han hadde lengta inderleg etter å ete påskemåltidet i lag med disiplane, så er denne ein del av Guds store lengsel. Guds inderlege lengsel etter oss menneskjer er kristendomens utspring. Heilt sidan tidenes morgon då mennesket vendte seg vekk frå Gud har Gud lengta tilbake til fellesskapet som vi var skapt til. Eit fellesskap som vår skapar vil ha med oss, oss som han skapte i sitt bilete.

Gud sjølv er fellesskap, i Faderen, Sonen og Anden. Eit fellesskap som vi kan få del i. Eit  ope, inkluderande og inviterande fellesskap som alltid søker etter nye. Eit fellesskap der vi skal verkeleg få vere den vi er.

Skjærtorsdagen innstifta Jesus det vi kallar nattverden. Jesus tok eit brød, braut det, bad takkebøna, og gav det til disiplane og sa at det var hans kropp. Han bad dei ete det til minne om han. Så tok han eit beger med vin, bad takkebøna, og gav disiplane og sa at det var han blod. Han bad dei drikke det til minne om han. Nattverden vi feirar i gudstenestene er eit måltid til minne om Jesus. Men det er og eit måltid der Jesus kjem så nært oss han kan komme. I nattverden får vi på underleg vis del i Guds fellesskap, eit fellesskap Gud inderleg lengtar å ha med oss alle, og eit kvart menneske.

 

Dagens bibeltekst: Lukas evangeliet 22, 14-23

 

Bildet fra Pixabay.com

Kontaktinformasjon for Fridalen menighet

Åpningstider kontor:
Tirsdag, torsdag og fredag
kl. 09.00 - 15.00

Tlf: 55 30 81 20

E-post: fridalen.menighet.bergen(a)kirken.no

Besøksadresse:
Roald Amundsens vei 100
5067 Bergen

Postadresse:
Postboks 74, Slettebakken
5821 Bergen

Åpningstider Åpen Barnehage: 
Mandag, onsdag og torsdag
kl. 09.00 -14.30

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"