Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Babettes gjestebod

Forestilling i Fyllingsdalen kirke fredag 9. november kl. 19.

Fredag 9. november kjem Hordaland teater til Bønes kirke med forestillingen "Babettes gjestebod". Forestillinga er eit samarbeid mellom Hordaland teater og Bjørgvin bispedømme. Tidspunt for forestillinga er kl. 19.

Karen Blixens novelle Babettes gjestebod er kjend som ei forteljing om menneskelig toleranse. Denne sanselege historia fortel om ein rause kjærleik til livet og eit granskande lys. Prostedøtrene Mathilde og Phillipa er leiande i en pietistisk kyrkjelyd i Berlevåg. Men kyrkjelyden har mista mykje av den krafta den ein gong hadde og er prega av alderdom og inngrodde konfliktar.

Ei fransk kvinne, Babette, flyktar får dei fryktelege krigshandlingane i Paris i 1871 og får arbeid som tenestekvinne hos søstrene. Ho tener dei trufast i fjorten år. Då vinn ho eit stort lotteri og inviterer kyrkjelyden i Berlevåg på eit gedigent fransk måltid som overgår all fantasi og som forløyser både innstengde kjensler, gamle motsetnader og djup livsglede. Det å gjere det gode kvarandre og gje av dei gåvene ein har, oppsummerar Babettes oppleving av meining i livet.

Når Hordaland Teater vil ta dette materialet til scenen, er det fordi dei trur denne historia treff oss i dag. At ein så erfaren og utrykksfull skodespelar som Ragnhild Gudbrandsen skal formidle denn ehistoriea, gjev oss tru på at publikum kan vente seg ei sterk teateroppleving som vil stimulere til refleksjon og glede. Stig Amadam har regi på denne inderlege monologframsyninga, og saman med Bjørgvin bispedøme inviterer Hordaland Teater deg til kunstnarleg gjestebod.

Kontaktinformasjon for Fyllingsdalen Menighet

Besøksadresse:

Nebbeveien 20

5144 Fyllingsdalen

Telefon: 55 59 71 40