Kyrkjerådet tilset ny biskop i Bjørgvin bispedøme på sitt møte 9.–10. februar i Bergen.
Den nye biskopen vert presentert i Bergen domkirke på fredag 10. ferbruar kl. 11.00. Det er ope for alle som ynskjer å delta. Det er også høve til å følgje presentasjonen digitalt frå denne sida.
Det er tre kandidatar til stillinga som kyrkjeleiar i bispedømet i vest: Kjersti Gautestad Norheim, Ragnhild Jepsen og Sunniva Gylver. Tilsetjing vil etter planen skje torsdag kveld.
I tillegg til biskopen, vert det innlegg frå kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum, preses Olav Fykse Tveit og bispedømerådsleiar Vemund Øiestad.
Den 16. april vert det vigslingsgudsteneste i Bergen, der mellom anna H. M. Kongen deltek. Då vil den tilsette verte innsett som biskop.