Vi har tidlegare hatt slike samankomstar der vi har studert Matteus-evangeliet. No er vi litt leie av det, og kan tenkje oss eit nytt emne.
Kva dette nye emnet vert, er ikkje heilt bestemt enno, og vi er opne for forslag. Det kan både vere å studere eitt bestemt skrift i Bibelen, og det kan vere å ta for seg korleis eitt spesifikt tema vert behandla i Bibelen.
Eitt forslag som alt har vorte nemnt, er å studere Paulus sitt brev til galatarane, også kjent som berre Galatarbrevet.
I dette brevet er Paulus veldig intens. Det er krise i kristne forsamlingar som han har grunnlagt: nokon andre har vore i «hans» forsamlingar og forkynt ein annan versjon av kva kristendom er enn den Paulus står for. Han brukar sterke ord når han åtvarer mot å tru på denne andre forkynninga.
Brevet har kome til å stå sentralt i den teologien vi fekk med reformasjonen, og det skal ha vore reformatoren Martin Luther sitt favorittbrev i Det nye testamentet.
Vi tek sikte på å ha samlingar annakvar veke på tysdagskveldar utover hausten, i håp om at det passar for flest muleg:
- Tid: Annankvar tysdag kl 18:30–20:00
- Stad: Møteromet i kontorfløya i Solheim kyrkje, Hordagt. 28
Datoar:
- 06. september
- 20. september
- 04. oktober
- 18. oktober
- 01. november
- 15. november
- 29. november
Samlingane vil verte leia av meg, Knut Kvalsvik. Vi les kvar vår bit av bibelteksten vi skal snakke om, og eg har så ei innleiing. Deretter har vi diskusjon der alle kan kome med sine bidrag. Men om du helst berre vil høyre på, så er det ope for det også.
Vi vil også be litt saman, og kanskje syngje litt viss der er stemning for det.