Hyrdingen og kvinna med mynten

Andakt til 7. søndag i treeinigskap, 19. juli 2020. Ved webredaktør Knut Arnold Kvalsvik.

Hyrdingen og kvinna med mynten

Bilete: The Lost coin, av mormonar-kunstnaren Paul Mann.

Bibeltekst: Lukas 15,1–10:

Alle tollarane og syndarane heldt seg nær ved Jesus og høyrde på han. Men farisearane og dei skriftlærde murra og sa seg imellom: «Denne mannen tek imot syndarar og et i lag med dei.» Då fortalde han dei denne likninga:
«Om ein av dykk har hundre sauer og mistar éin av dei, lèt han ikkje då dei nittini vera att ute i øydemarka og går av stad og leitar etter den bortkomne sauen til han finn han? Og når han har funne han, blir han glad og tek han på akslene sine. Straks han kjem heim, kallar han saman vener og naboar og seier til dei: ‘Gled dykk med meg! Eg har funne att den sauen som var bortkomen.’ Eg seier dykk: På same måten er det større glede i himmelen over éin syndar som vender om, enn over nittini rettferdige som ikkje treng omvending.
Eller om ei kvinne har ti sølvpengar og mistar éin, tenner ho ikkje då ei lampe og sopar heile huset og leitar vel til ho finn han? Og når ho har funne han, kallar ho saman veninner og nabokoner og seier: ‘Gled dykk med meg! Eg har funne att det pengestykket eg hadde mista.’ På same måten, seier eg dykk, blir det glede mellom Guds englar over éin syndar som vender om.»

Ofte i evangelia ser vi Jesus i konflikt med farisearane og dei skriftlærde. Desse menneska utgjorde den religiøse (og politiske) eliten blant jødane, og du skulle ha trudd at Jesus ville ha komme godt overeins med dei. Men det gjorde han ikkje. Den religiøse eliten såg ned på menneske som dei stempla som «syndarar», og ville ikkje ha noko med dei å gjere. Men nettopp slike menneske trivdest Jesus med å vere saman med. Og når han fekk kritikk for dette, fortalde han desse likningane som begge har same poeng – likninga om hyrdingen og sauene, og om kvinna og myntane.

I den eine likninga er Gud ein hyrding som passar på sauene sine. Dette var eit velkjent bilete for Gud i jødisk tenkning. Ein kan f.eks. tenkje på Jesaja 40,11, brukt i Händel sitt vene juleoratorium:

Han gjeter flokken sin
som ein gjetar.
Han samlar lamma med armen,
lyfter dei opp i fanget,
leier søyene.

Hyrdingen var ein respektinngytande figur. Han hadde ein hard og tøff jobb, som han skjøtta med stor sjølvoppofring. Han sparde seg ikkje i omsorga for sauene. Og når ein av dei kom bort, noko som lett kunne hende, så sa han ikkje: «Skitt au, litt tap må ein rekne med. Det viktigaste må vere å ta vare på det eg har.» Nei, han ga seg ikkje før han fann den manglande sauen. Den skotske bibelkommentatoren William Barclay skriv (i bokmålsomsetjing):

«Mange av saueflokkene var felles flokker, som ikke hørte til enkeltpersoner, men til landsbyer. Det ville være to eller tre hyrder som hadde ansvaret for dem. De som hadde fått flokkene sine i sikkerhet, ville komme hjem i rett tid og fortelle at èn hyrde ennå var ute i fjellene og lette etter en sau som var blitt borte. Hele landsbyen ville være på utkikk, og når de i det fjerne fikk se hyrden som kom hjemover med den bortkomne sauen over skuldrene, ville det fra hele fellesskapet stige opp et rop av glede og takk.»

Dette, sa Jesus, er slik Gud er. Gud er ikkje villig til å miste nokon. Menneske som eliten ser ned på og gjerne vil avskrive, dei er også dyrebare for Gud. Gud gjev seg ikkje, akkurat som hyrdingen, men leitar kvilelaust etter dei som enno ikkje tilhøyrer Gud.

Og Jesus ville gjerne understreke dette poenget endå meir, så han fortalde ei likning til. Denne gongen er Gud ei kvinne som har mista ein mynt. Mynten var ein såkalla drakme. Den var verd omtrent ei dagsløn for ein vanleg arbeidar, og for vanlege menneske var det pengar dei ikkje hadde råd til å miste.

Ein kan lure på kor vanskeleg det var å finne igjen ein slik mynt. Då må vi skjøne at golvet i ein fattig heim den gongen ikkje var heilt som våre golv. William Barclay fortel:

«Husene var svært mørke, for de var opplyste av ett lite, rundt vindu på en snau halvmeter i diameter. Gulvet var av stampet jord, dekket med tørkede siv og strå; og å lete etter en mynt på et slikt gulv, var svært likt det å lete etter en nål i en høystakk. Kvinnen feide gulvet i håp om at hun skulle se det blinke i mynten eller høre den klirre når den beveget seg.»

Jesus seier at kvinna hadde ti slike myntar. Kanskje viser dette til ein type hovudpynt som gifte kvinner den gongen hadde. Det var ei sølvkjede med ti sølvmyntar i, og var eit teikn på hennar stilling som gift kvinne. Ei kvinne kunne spare i lang tid for å få nok til ei slik kjede. Den vart omtrent som ein giftering for oss, så å miste ein mynt vart omtrent som å miste gifteringen sin. Det var ein verdi som ikkje kunne uttrykkjast i pengar.

I biletet over er det dette kunstnaren har tenkt seg. Vi ser at kvinna held kjedet med dei ni andre myntane i den eine handa, og den gjenfunne mynten i den andre. Både for henne og menneska rundt henne er det ei stor glede når ho finn mynten igjen.

Slik er vi alle verdifulle for Gud, og Gud vil ikkje at nokon skal kome vekk. Gud vil ikkje miste meg, for eg er dyrebar i Guds auger; og skulle eg kome bort frå Gud, vil Gud leite like iherdig for å finne meg igjen som det hyrdingen og kvinna gjorde.

Og det same gjeld for andre menneske. Eg kan ikkje sjå ned på nokon, slik farisearane og dei skriftlærde gjorde. Eg har ikkje råd til å stemple nokon som «syndarar» som kan avskrivast, for Gud vil ikkje miste nokon.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"