Den fortvila tru

Andakt til 27. september, 17. søndag i treeinigskapstida, ved frivillig webredaktør Knut Arnold Kvalsvik.

Den fortvila tru

Bilete: Av kunstnaren Bénédite (Bénédicte) de la Roncière, frå boka L'Évangile en pays mafa (Evangeliet i landet til mafaane). Mafaane er eit folk i det nordlege Kamerun. Kunstnaren budde ei tid blant dei, og dei framførte scener frå Jesu liv, som ho måla.

Bibeltekst: Johannes 11,17–29:

Då Jesus kom fram, fekk han vita at Lasarus alt hadde lege fire dagar i grava. Betania ligg ikkje langt frå Jerusalem, berre femten stadiar om lag, og mange jødar var komne til Marta og Maria og ville trøysta dei i sorga over broren. Så snart Marta fekk høyra at Jesus kom, gjekk ho og møtte han, men Maria vart sitjande heime. Marta sa til Jesus: «Herre, hadde du vore her, så hadde ikkje bror min døydd. Men no òg veit eg at alt det du bed Gud om, vil han gje deg.» «Bror din skal stå opp att», seier Jesus. «Eg veit at han skal stå opp att når alle står opp på den siste dagen», svara Marta. Då sa Jesus til henne: «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?» «Ja, Herre», seier ho, «eg trur at du er Messias, Guds Son, han som skal koma til verda.»
Då ho hadde sagt dette, gjekk ho og kalla i løynd på Maria, syster si, og sa til henne: «Meisteren er her og spør etter deg.» Då Maria høyrde det, reiste ho seg straks og gjekk ut til han.


Dette er preiketeksten for søndag 27. september, og dei fleste vil gjenkjenne det som ein del av forteljinga om at Jesus vekkjer opp Lasarus. Les gjerne heile forteljinga i Johannes kapittel 11.

Marta, Maria og Lasarus var sysken og budde i byen Betania. I dei hadde Jesus funne nære vener, og ein heim der han kunne finne kvile. Han var glad i dei alle.

Når Lasarus vart sjuk, sende systrene bod til Jesus, det lydde kort: «Herre, han som du er så glad i, er sjuk.» Bodet inneheldt inga bøn om å komme. Dei stolte på at han som var deira ven, som var glad i dei, ville av seg sjølv tenkje at han måtte komme når dei var i vanskar.

Men til deira fortviling, kom ikkje Jesus. Og Lasarus vart stadig dårlegare, inntil han til slutt døydde. Og det vart helde gravferd og syrgjehøgtid etter jødisk skikk, med mange til stades som ville dele sorga med systrene. Syrgjehøgtida varde i ei heil veke.

Og no endeleg, fire dagar inn i syrgjehøgtida, kom Jesus saman med nokre av lærlingane sine. Men for seint! Lasarus var allereide død, og det ligg ei anklage i Marta sine ord: «Herre, hadde du vore her, så hadde ikkje bror min døydd.» Men så føyer ho til: «Men no òg veit eg at alt det du bed Gud om, vil han gje deg.»

Marta har grunn til å føle seg svikta. Men midt i sorga og skuffelsen har ho endå ei fortvila tru på Jesus. Nøyaktig kva ho ventar av han, er ikkje klart. Men ho kan ikkje gje slepp på trua på han, sjølv no når alt håp synest ute. Han er det beste håp ho veit om.

Livet kan fare hardt med mange menneske; og i sorga og motgangen ber dei kanskje til Gud, og håpar fortvila at Gud skal gripe inn. Men ofte skjer det ingen ting. Til slutt kan motgangen verte for stor og overveldande, og dei gjev opp trua på Gud. Men nokon vel å stadig halde seg fortvila fast, sjølv om der ikkje synest å vere nokon grunn til å gjere det. Dei veit ikkje om noko anna håp; å halde fram med å tru er det einaste dei kan gjere.

Og Jesus har noko å komme til systrene med. «Bror din skal stå opp att», seier han. Og Marta uttrykkjer det som mange jødar på den tid trudde på: «Eg veit at han skal stå opp att når alle står opp på den siste dagen.»

Denne trua på ei oppstode var noko som fyrst og fremst hadde utvikla seg blant jødane i tida mellom Det gamle og Det nye testamentet. I Det gamle testamentet, GT, finn vi lite av håp om eit liv etter døden. Dei truande i GT sine håp gjaldt delvis dette livet, delvis dei kommande generasjonar. For det enkelte individet var alt over med døden. Vi finn dette uttrykt i fleire av salmane. I Salme 6,6 les vi:

Kven av dei døde kallar på deg?
Ingen i dødsriket prisar deg.

Og i Salme 115,7 heiter det at

Dei døde prisar ikkje Herren,
alle dei som går ned til det stille landet.

Men her og der kan vi finne tilløp til ei tru på at det må vere noko meir. Livet her kan vere fylt av sorger og motgang. Livet er ikkje som det skulle vere. Viss dette livet er alt, då er det ikkje rettferdig frå Guds side. Dei gamle jødane kom til å sjå det slik at viss Guds plan nokon gong skulle fullførast, viss Guds rettferd nokon gong skulle skje heilt, viss hans kjærleik nokon gong skulle finne sitt sanne utløp, då måtte det verte i eit nytt liv i ei ny verd.

Det klaraste tilløpet til denne tanken finn vi i Jobs bok 19,25–27. Job har opplevd ein motgang som har øydelagt alt for han. Men midt i fortvilinga utbryt han:

Eg veit at min utløysar lever.
Som den siste skal han stå fram i støvet.
Når huda er riva av meg og kjøtet er borte,
då skal eg sjå Gud.
Mine auge ser,
det er eg som får sjå han,
ikkje ein framand.
Mitt indre fortærest av lengsel!

Og så, i vår forteljing, skjer det utrulege. Jesus kallar Lasarus tilbake til livet igjen, og han kjem ut igjen av grava! Sorga som alle var i vert vend til ei fantastisk glede.

Men så får vi ikkje vite meir om korleis dei tilstadeverande, og særleg dei to systrene, reagerer på dette. Jesus har lete dei gå gjennom ei hard prøving. Men til gjengjeld får dei oppleve noko endå større enn om Jesus hadde kome tidlegare og lækt Lasaraus frå sjukdomen. Det vert ein mektig demonstrasjon av det Jesus seier om seg sjølv.

Så er denne hendinga eit slags forspel til Jesu eigen død og oppstode. Med si oppstode opna han vegen for oss til det nye livet som jødane lengta etter. Men vi veit at for å komme dit, måtte han gå via krossen. Guds eigen son levde ikkje eit liv i suksess og lukke. Han måtte gå gjennom motgang og liding for å oppnå det han gjorde. Det kan vere ei trøyst å tenkje på når vi også opplever det som så mange har opplevd før oss: At livet ikkje er rettferdig, at det inneheld sorg og skuffelsar.

Og viogså gå gjennom døden for å komme til det nye livet som Jesus vann for oss. Men så er også dette nye livet vårt største håp, og det endelege målet for vår tru. Det største håpet ligg alltid framføre oss. Vi kan oppleve at Gud grip inn og hjelper oss her i livet, mange har fått ta imot det. Men det gode her i livet vert likevel berre ein liten forsmak på det som vi ein dag skal vekkjast opp til: Eit nytt, evig liv med ein heilt annan kvalitet enn det noverande.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"