Stille klokka og hendingar i himmelromet

Søndag 29. mars er det tid for å stille klokka fram til sommartid. Vi har alt passert vårjamndøgn, Planeten Venus er kveldsstjerne, og i påskeveka vert det som vanleg fullmåne.

Bilete: Venus reflektert i Stillehavet, foto teke 15. november 2008 av Brocken Inaglory, henta frå Wikimedia.

Stille klokka 29. mars

Natt til søndag 29. mars er det igjen tid for å stille klokka 1 time fram til sommartid. Så var vi der igjen, så fort tida går! Dei fleste elektroniske klokker på PCar og smarttelefonar vil stille seg sjølve; men på ein del eldre elektronisk utstyr kan du måtte gjere det sjølv. Nokre har ei avkryssingsboks for sommartid, og det er då gjerne lurare å krysse av i denne, heller enn å faktisk stille ein time fram. Og kjøkenklokka må du antakeleg berre skru på.

Skal du på jobb eller andre tidsbestemte ting den søndagen, så må du altså opp ein time tidlegare – beklagar til alle B-menneske.

Neste haust – hausten 2021 – vert det antakeleg slutt på slik omstilling, sjå meir om dette på timeanddate.no.

Vårjamdøgn var 20. mars

Vi har alt passert vårjamdøgn, det skjedde fredag 20. mars. Sjølve jamdøgnstidspunktet var ca kl 05 om morgonen; då sto sola rett over ekvator ein stad på jorda. Sidan har sola bevega seg nordover, og vi merkar at dagane stadig vert lenger og lysare. Det er ei god tid, i alle fall for oss i Norge.

På den sørlege halvkule har dei no haust, etter å ha hatt sin sommar. Som vi veit, var det i ei periode svært varmt og turt i Australia, med massevis av fæle skogbrannar der mange dyr, og nokre menneske også, døde. No får dei ei sårt tiltrengd pustepause.

Kva slags sommar vi kan få, veit vi enno ikkje. I sørlegare land risikerer dei på nytt hetebølgjer, og dette eventuelt samtidig med at vi stadig kjempar mot korona-viruset. I moderat tempererte, rike og trygge Norge vil vi likevel ha det bra, relativt sett.

Venus er kveldsstjerne

I skrivande stund er det grått og regnfullt i Bergen, noko som vel må kunne kallast normaltilstand(?). Men her nokre dagar var det klarvêr, og dei som då fylgde med på nattehimmelen ville sjå ei veldig klar, lysande «stjerne» i vest, litt etter solnedgang. Det var planeten Venus, som no viser seg på kveldshimmelen. Tysdag 24. mars var planeten i sin austlegaste posisjon, altså lengst vekk frå sola, sett frå jorda. Avstanden var då 46.1°, eller ca ein åttandedel av ein full sirkel på himmelen.

Planeten er no på veg i full fart mot oss, men bøyer etterkvart av og svingar inn mellom oss og sola, samtidig som han (eller ho?) vender den mørke sida til oss. Etterkvart vil så planeten dukke fram igjen, no som morgonstjerne. Den vil vere synleg på austhimmelen tidleg om morgonen før sola renn. Torsdag 13. august vil han nå sin største vestlege avstand frå sola på 45.8°.

Venus kunne seiast å vere jorda sin systerplanet. Den er omtrent like stor, berre litt mindre, og går i bane innanfor oss. Men temperaturen er mykje høgare, og miljøet heilt uleveleg.

På biletet over ser vi Venus fotografert ein plass ved kysten av Stillehavet. Den reflekterer seg i havflata. Ned til høgre for Venus ser vi ljøsken av sola som har gått ned. Og eit stykke opp til venstre er også planeten Jupiter med, det nest lyssterkaste objektet i biletet.

Fullmånen i april er påskemånen

Sist vi hadde fullmåne var måndag 9. mars. Fullmånen i mars har av somme menneske i Nord-Amerika vorte kalla makk-fullmånen – ikkje fordi det gjekk makk i månen, men fordi dei opplevde at makkar og andre dyr i jorda vakna opp av vinterdvala på denne tida.

Neste fullmåne vert onsdag 8. april. Denne kalla menneske i Nord-Amerika for rosa-fullmånen – ikkje fordi den var rosa (det hadde vore spennande), men på grunn av ein rosa blomst som dukka opp i store mengder på den tida.

Både fullmånane i mars, april og mai er i år såkalla supermånar, dvs at månen er nær jorda samtidig med at det vert fullmåne. Avstanden mellom jorda og månen varierer litt; og desse fullmånane fell omtrent saman med at månen er i næraste punkt, også kalla apogeum. Månen ser då litt større ut enn når han er lenger vekke.

Fullmånen i april vert samtidig påskemånen. Den fell i påskeveka, så søndagen etter, søndag 12. april, er påskedag.

Det vil alltid vere fullmåne nær påskedag, sidan påskedagen er bestemt nettopp ut frå månen. Det heiter at påskedag er «fyrste søndag etter fyrste fullmåne etter vårjamdøgn». Og så er den regelen litt vanskeleg pga tidssoner og diverse, og det måtte nokre matematikarar ved det gamle universitetet i Aleksandria til for å utforme ein meir etterlevbar regel. Men det stemmer sånn omtrent. I år stemmer det heilt.

Bilete: Pink Moon, ukjend artist. Henta frå zedge.net.

Kontaktinformasjon for Løvstakksiden menighet – Solheim og St Markus kirker

⛪ Besøksadresse (Solheim kirke):
Hordagaten 28, 5055 Bergen
🗺️ Vis i kart  

⛪ St Markus kirke:
Lien 45, 5057 Bergen
🗺️ Vis i kart  

📯 Postadresse:
Løvstakksiden menighet
Hordagaten 28, 5055 Bergen

🏛 Bankkonto: 5083.05.65067
 VIPPS nr: 537837
🎁 Bankkonto gaver: 1506.40.02551
🎁 Vipps nr gaver: 609463

🕙 Kontortid: Onsdag og fredag kl 10–14
Prestene kan treffes etter avtale
📞 Tlf: 55 30 81 38
📧 E-post: lovstakksiden.menighet.bergen@kirken.no
📧 E-post om utleie av lokaler: utleie.lovstakksiden.bergen@kirken.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"