Julegudstenester

Jula 2024 skal vi igjen feire Jesu fødsel i Løvstakksiden menighet, og vi har gudstenester på julafta, juledag og romjulssøndag

Julenatt, akvarell av Loyd Fannin (©)

I Løvstakksiden menighet var siste gudsteneste før jul den 15. desember. Søndag 22. desember har vi ikkje gudsteneste, men viser til andre kyrkjer. Gudstenestene våre i jula vert:

  • 24. desember, julafta, kl. 14 i St Markus kyrkje
  • 24. desember, julafta, kl. 16 i Solheim kyrkje
  • 25. desember, juledag, kl. 12 i St Markus kyrkje, i samarbeid med Bergen internasjonale menighet
  • 29. desember, romjulssøndag, kl. 11 i Solheim kyrkje

Vi har inga gudsteneste på nyttårsafta eller nyttårsdag. Vi møtest igjen i det nye året fyrste gong søndag 5. januar i St Markus kyrkje, til Kristi openberringsdag og dermed starten på openberringstida i kyrkjeåret.

Julafta

På julekvelden har vi altså gudsteneste både i St Markus kyrkje kl. 14 og i Solheim kyrkje kl. 16, med omtrent same opplegg begge stadar. Vi skal lese teksten frå Lukas 2,1–20 om Maria og Josef som reiser til Betlehem på grunn av keisar Augustus si befaling, om Jesus som vert fødd og lagt i ei krubbe, og om gjetarane på marka som får englebesøk. Og vi skal syngje julesongar og vere glade saman.

Juledag

Det er denne dagen som eigentleg vert rekna som Jesus sin bursdag. Vi veit ikkje eigentleg når Jesus vart fødd, verken dato eller år, men kristne i middelhavslanda på 300-talet valde denne datoen å feire Jesu fødsel på.

Vi samlast i St Markus kyrkje og høyrer teksten frå Johannes 1,1–14 om korleis Jesus var frå opphavet og var ein del av guddomen, men vart kledd i ein kropp og kom og slo opp sin kropps telt iblant oss. Kristen tru består i å opne oss for han og ta imot han, dei som gjer det får rett til å kallast «Guds born». Og vi skal syngje meir julesongar.

Vi skal vere saman med Bergen internasjonale menighet denne dagen, og kva det inneber får dei sjå dei som kjem.

Romjulssøndag

I romjula opplever vi forhåpentlegvis at tempoet på livet går litt ned og roa senkjer seg. Om vi kan hugse på småfuglane er det fint; og om vi kan vere med og be for dei som lever under mindre rolege kår enn oss, så er det endå betre.

På romjulssøndagen 29. desember samlast vi igjen i Solheim kyrkje, og preiketeksten vert frå Lukas 2,25–35. Der høyrer vi om korleis Jesus-barnet vert bore fram i tempelet i Jerusalem, og profeten Simeon seier ord som fortel noko om Jesu gjerning og kva slags mottaking han skal få.

Velkomen til å vere med oss på gudstenester i jula, og både på gudstenester og andre samlingar i det nye året! Meir informasjon kjem her på nettsidene etterkvart.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"