Siste del av Løvstien er under arbeid

Løvstien har vorte bygd i etapper, og etappe 4 del 2 er det siste stykket. Der føregår no arbeidet for fullt. Tekst og foto: Knut Arnold Kvalsvik.

Frå etappe 4 del 1

Løvstien har lenge vore i to bitar, og samanknytninga av desse er vel etterlengta av fleire. Denne samanknytninga er etappe 4, og den har vorte delt i 2. Fyrste del, frå Olavsbu ovanfor Mindemyren og til ovanfor Fredlundssvingen, sto ferdig i august 2018.

Andre og siste del, frå Fredlundssvingen til Kristian Bings vei, er spesielt utfordrande, med mykje bratt og vanskeleg terreng, og stor skredfare som krev omfattande fjellsikringsarbeid.

Men også dette arbeidet er no i gang. Det vert utført av Bulken Maskin AS, og deira arbeid er forventa ferdig hausten 2021. Etter det skal det imidlertid også byggjast ein brukonstruksjon, som fyrst er forventa ferdig ein gong i 2022, sjå meir om den lenger nede.

Denne skribent tok ein tur ein søndag for å sjå på det heile. Eg har ikkje vore ved Olavsbu sidan etappe 4 del 1 vart ferdig, så eg gjekk dit. Her er eit bilete frå like ved Olavsbu, der vegen held fram mot nord.

Løvstien går vidare frå Olavsbu
Løvstien går vidare frå Olavsbu

Etter ca 900m var eg ovanfor Fredlundssvingen. Der var det oransje gjerde og markeringar som viser at herifrå pågår arbeidet stadig.

Løvstien ovanfor Fredlundsvingen

Og etter å ha gått berre litt til, var det full stopp.

Løvstien full stopp
Løvstien full stopp

Eg kom altså ikkje vidare på Løvstien. Eg kunne ha gått ned igjen på bilvegen. Men der skulle finnast ei «blå løype» eit stykke oppe i skogen ovanfor; og etter å ha virra rundt ein del, fann eg denne.

Blåmerka løype i skogen
Blåmerka løype i skogen

Eg trur imidlertid ikkje at eg vil tilråde denne løypa. Fyrst var ho litt vanskeleg å finne. Og sjølv om der kunne vere greit å gå delar av løypa – som på biletet – så var der andre delar der det var vanskeleg å ta seg fram, og det kunne også til tider vere noko uklart kvar løypa gjekk. Dessutan var det ikkje så heilt lett å komme seg ned igjen på Løvstien.

Men eg kom omsider ned igjen ovanfor Kristian Bings vei. Der var det fleire store maskiner.

Gravemaskiner på Løvstien ovanfor Kristian Bings vei
Gravemaskiner på Løvstien ovanfor Kristian Bings vei

Alle maskinene sto, sidan det var søndag; men på kvardagane er det hektisk aktivitet her.

Etappe 4 del 2 er drygt 1km lang. Noko av dette skal verte vanleg turveg – som resten av Løvstien. Men for ca 400m midt på er det planlagt ei anna løysing: ei slags gangbru på pålar. Dette biletet frå Bergen kommune viser korleis det er tenkt å sjå ut:

Gangbru på pålar
Tenkt gangbru på Løvstien
Bilete frå Bergen kommune

Denne gangbrua er tenkt å vere det siste ein byggjer, og den er planlagt ferdig ein gong i 2022. Når det har skjedd, har vi omsider ein samanhengande turveg frå Kråkenes til Melkeplassen.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"