Invitasjon til Minikonfirmantleir

Til deg som er 10 år og går i 5. kl på Salhus skole. NB: påmeldingsfrist 15.mars.

Bilete frå tidlegare minikonfirmantleir

Leiren er tenkt som eit høgdepunkt i minikonfirmanttida. Då får me vere saman over fleire dagar, me kan få nye venner og ha det kjekt. Det vert god tid til leik, song og anna. Me vonar at du har lyst til å vere med!

Tid og stad for leiren:

Leiren er frå fredag 5.april til sundag 7. april. Me reiser fredag ettermiddag til leirstaden Sætervika i Tysse. Der kjem det også minikonfirmantar frå Eidfjord, Ullensvang, Jondal og Utne.

Reise for oss frå Salhus:
Blir vi få (opp til 4 minikonfirmantar) kan eg ta alle med i bilen min. Blir vi fleire treng vi nokon som kan vere med å køyre, eller vi kan ta buss frå Åsane terminal kl.17:35. Då bytter vi byss på Bjørkheim og bussen går nesten heilt fream til Sætervika. Vi må gå eit lite stykke. Når vi skal heim søndagen må vi hentast av biler, for det går ikkje buss tilbake før om kvelden og leiren er slutt kl. 13:00. Om nokon foreldre kan køyre, ta kontakt. Vi kan betale ei godtgjersle i tilfelle.

Pris: 750,- Alt med mat, reiseutgiftar, opphald og andre aktivitetar er inkludert i prisen .Evt lommepengar kjem i tillegg.

Påmelding

Alle som skal vere med må melde seg på innen fristen 15.mars. Dette på grunn av planlegging av reise, leirstaden sine innkjøp av mat, osv.

Send påmelding på epost til es232@kirken.no med:

Minikonfirmantens namn:

Fødselsdato:

Adresse:

Mobil til føresette:

Merknadar (allergi, sukkersyke, osv.)

Om det er greit at bildar frå leiren publiserast på menighetens hjemmeside, facebookside og i vårt menighetsblad

Meir informasjon

Det hadde vært fint å hatt med ein forelder på leiren som kjenner borna godt. Det er ein ekstra tryggleik for borna sidan dei ikke kjenner meg så godt endå. Om nokon foreldre kan tenke seg å bli med, ta kontakt med meg.

Vi har monge kjekke leiarar som skal vere med denne helgen frå alle kyrkjelydane som skal vere med.

Dei som melder seg på leiren får eit nytt brev med praktiske opplysningar, men ta gjerne kontakt dersom det er noko de treng vite før det.

 

Velkommen på leir!

Vennleg helsing Elise

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"