Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Folkemusikkverkstad med konsert

Bli med på folkemusikkverkstad med lokal folkemusikk i Salhus kyrkje 29. september! Det blir songverkstad for dei vaksne, og song, dans og leik for born (5-10 år).

Bli med på folkemusikkverkstad med lokal folkemusikk i Salhus kyrkje 29. september!
Det blir songverkstad for dei vaksne, og song, dans og leik for born (5-10 år).

Oppmøte vaksne: kl. 12.00

Oppmøte born: kl. 13.15

Det vert servert pizza til alle deltakarane, før vi avsluttar dagen med ein felles konsert ''LOVA LOVA LINE, LAT NO SOLI SKINE'' kl. 16.30- 17.30.

Instruktørar: Maria Skjeldrum Toppe og Kristoffer Kleiveland

Maria Skjeldrum Toppe (hardingfele) og Kristoffer Kleiveland (durspel) har lang fartstid som duo. Begge er meritterte utøvarar på sine instrument, og dei er godt forankra i sin tradisjon. Dei har utforska folkemusikken frå Nordhordaland, og har saman funne sitt særpreg i musikken som dei formidlar med stor innleving.

 

Arrangør: Salhus menighet med støtte frå Bergen kommune.

Kontaktinformasjon for Salhus menighet

Vikavegen 14, 5107 Salhus

Epost: salhus.menighet.bergen@kirken.no

Tlf: 55362241

Kontortid: tirsdag, onsdag og torsdag fra kl. 9:00-13:00.