Takk til Solrunn Nes

Sidan juni månad til no, har vi hatt ei fantastisk utstilling av ikonar i Storetveit kirke. Her skriv sokneprest Jan Helge Eggestøl om korleis kunstverka har sett sitt preg på rommet og kva for inntrykk dei har etterlete seg.

Sokneprest Jan Helge Eggestøl saman med ikonkunstnar Solrunn Nes i Storetveit kirke.

Eit ikon avslører at den synlege og usynlege verda høyrer i hop. I mange av ikona blenkjer det av gull. Det er den usynlege verda som skin gjennom og avslører seg. Gullet er eit symbol på det lyset som alltid har vore til og som ikkje er skapt, men som likevel er nær  i det skapte. I naturen, på fjellet, i dyra, i maten vi et, og i møte med andre sine andlet og auge. Det synlege og usynlege høyrer til kvarandre og er vevd i hop.

Ikona er synlege og samstundes avspeglar dei ånda og krafta frå den usynlege verda. Storetveit kirke har den tida utstillinga har stått her, vore ekstra nær den usynlege verda. Ikona har stråla ut ein energi og varme. No når ikona er borte merkar vi det. Eg er glad for denne tida og svært takksam for Solrunn Nes som har latt desse ikona henge så lenge. Solrunn har vore her ofte. Vist rundt og fortald til besøkande om ikonkunsten og ikkje minst teologien som ligg til grunn for mange ikona. Vi har hatt mange temasamlingar og brukt ikona aktivt i gudstenester. 

Eg kjem til å sakna ikona og dei mange gode og tankevekkjande samtalene med Solrunn. For meg har denne tida vore ei fornying i tru og ånd. Slik har det og vore for fleire andre. Sjølv om denne epoken no er over, heng framleis lyset frå den usynlege verda ved. Og om ikkje ikona er der lengre er avtrykket av dei her framleis.

Jan Helge prest

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"