Kyrkjefolk: Sara

- Eg har vore Lucia fleire gonger. Veldig kjekt det!

Kyrkjefolk: Sara

- Vi står opp klokka seks og går ned i kyrkja og får kvite kapper og lys. Så syng me. Det er veldig stille og roleg her i forhold til heima. Etterpå kosar me oss med bollar og kakao. Når me reiser på skulen, er me stolte over at me har stått opp klokka seks.

- Når eg tenkjer på kyrkja, tenkjer eg at det er veldig stille og roleg her. Det kan stundom vera godt. Og så er det mange aktivitetar. Lys Vaken. Lysmessa. Lucia.

- Då me hadde eit skuleprosjekt om "Bygda mi", var det mange som valde kyrkja som fordjuping. Me lærte ganske mykje om kyrkjebygget. Kyrkja no har om lag 200 sitjeplassar og er ei steinkyrkje, bygd i 1250.

- Eg har ikkje bedt så mykje til Gud. Eg har berre bedt og tent lys i lysgloben. Då bad eg om fred på jord.

 

Sara er på biletet avfotografert saman med Marion. Biletet og intervju er frå 2014 og er henta frå boka "Kyrkjefolk" av Egon Askvik, utgjeven på Skald forlag.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"