Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Ny liturgisk musikk - hausten 2018

Eit hefte som presenterar den nye liturgiske musikken vert sendt ut til soknekontora hausten 2018.

I november 2018 vil alle soknekontor og prostekontor motta heftet Med samrøysta lovsong. Heftet er meint som ein ressurs for dei som ønskjer å gjere seg kjent med den nye liturgiske musikken. Planen er at den liturgiske musikken blir gitt ut samla om eit år.

Ved evalueringa av liturgisk musikk i gudstenestereformen kom det tydelege signal frå høyringsinstansane. Generelt ønska dei seg ei større grad av attkjenning i musikken til dei faste ledda, enn det gudstenestereformen så langt hadde lagt opp til. Samstundes var det viktig for Kyrkjemøtet å leggje til grunn eit større musikalsk mangfald i liturgien, enn det Den norske kyrkja vedtok ved siste liturgirevisjon i 1977.

Med utgangspunkt i permen Liturgisk musikk for Den norske kyrkja (Eide, 2011), og på bakgrunn av høyringa våren 2015, vedtok Kyrkjemøtet i 2017 fem seriar med liturgisk musikk. I vedtaket heiter det mellom anna:

Kyrkjemøtet vedtek tre allmenne hovudseriar, og to kyrkjeårsbestemte tilleggsseriar. Kyrkjemøtet rår til at hovudseriane vert nytta til dei fleste hovudgudstenester i kyrkjelydar over heile landet.

Bruk av liturgisk musikk og vidare framdrift
Dei fem ledda som blir gitt ut hausten 2018 er komponerte eller justerte etter 2011. Notane er trykte med spelesats, tekst og besifring (det siste gjeld Hovudserie 2). Melodilinja som finst lengst bak i heftet kan fritt scannast til trykte program eller til skjerm, innanfor Kopinoravtalen. To eksemplar av heftet blir sendt til kvar kyrkjelyd. Dette inneber ikkje noko krav om at musikken må takast i bruk enda. Lydfil av musikkseriane, med piano og sang, blir tilgjengeleg digitalt på www.gudsteneste.no, for dei kyrkjelydane som har abonnement på modulen med liturgisk musikk. I tillegg er planen at lydklipp med orgel og band til Hovudserie 2 blir tilgjengeleg på www.kyrkja.no. Lydklippa supplerer notebildet og kan gi hjelp til framføring for kyrkjemusikaren og bandmusikarane.

Tidleg i gudstenestereformen vart det bestemt at liturgien for hovudgudstenesta skulle evaluerast etter å ha vore i bruk nokre år. Dette arbeidet er straks sluttført, og våren 2019 vert materialet i gudstenestebøkene justert i tråd med det Kyrkjemøtet eventuelt vedtek. Det kan føre til justeringar i fleire av dei liturgiske ledda som kan syngjast, til dømes i prefasjonane og nokre av dei andre bønene i liturgien. Dei tre allmenne hovudseriane og to kyrkjeårsbestemte seriane kan takast i bruk. I heftet som kjem no i haust finst ei oversikt over kvar ein kan finne spelesatsane til seriane, anten det er i permen som kom i 2011, i salmeboka eller i heftet. Planen er at dei fem musikkseriane og musikk til dei andre ledda i hovudgudstenesta blir gitt ut samla seinhaustes 2019.


Kontaktinformasjon for Bønes sokn

Besøk oss gjerne, eller ta kontakt med oss på annen måte ->>>

Øvre Kråkenes 250, 5152 BØNES

55 30 81 00

bones.menighet.bergen@kirken.no

Org.nr.: 984 269 978

Bankkonto: 3416.20.00464

VIPPS: 12620