Skjærtorsdag 9.april.2020

Ei lita helsing for skjærtorsdag:

Skjærtorsdag 9.april.2020

Ei lita helsing for skjærtorsdag:

Tekst: Ingvar Fløysvik
Melodi: svensk folketone (Sangboken 539)

Litt likare enn andre,
ein god og gudleg mann,
eg gjerne ville vera,
i trua sterk og sann,
ein som i all si gjerning
til glede var for Gud,
ein menneske laut lika,
og ein som alt heldt ut.

Då les eg i min Bibel,
og draumane dei brest,
og biletet, det fagre,
blir synd og sulka vest.
For hovmodstankar byggjer
i hjarte og i sinn,
og det eg burde gjera,
så langt ifrå eg vinn.

Men opp frå Bibel-blada
eit anna bilet’ stig:
Guds eigen Son vart menneske,
vart arm då han var rik.
Vårt påskelam er slakta,
vår Herre Jesus Krist,
og Gud vil sjå på blodet,
det lovar han for visst.

Så får eg som ein syndar
til Jesus koma fram
og treng slett ikkje pynta
på nederlag og skam.
Han byd meg sjølv å eta
sin lekam og sitt blod,
og eg står rein og utan feil
ved det eg tek imot.

No vil eg alltid leva
med påske i mitt liv
og ta imot, og ta imot
av det som han meg giv.
Då har eg òg den lovnad
når alt på jord er slutt,
eg nattverd ny i himmerik
skal halda med min Gud.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"