Vigsel i kyrkja

Bryllaup er ei viktig hending. Midt i all festivitas står to som har felles visjonar og mål for livet.

Ekteskapsinngåing eller vigsel er ei offentleg handling og kan skje borgarleg eller kyrkjeleg. I nærvere av vitne gjev dei to kvarandre løfte om at dei vil leva saman resten av livet. Ein godkjend vigselsperson skal gjera kunnig at ekteskapet er gyldig.

Framleis gifter halvparten av alle par seg i kyrkja, den andre halvparten gifter seg borgarleg. Meir informasjon og praktiske råd til deg som planlegg bryllaup i kyrkja, finst i lenkjene under. Par som er borgarleig vigde, kan i tillegg ha ei kyrkjeleg forbønshandling for ekteskapet.