Økonomi

Det er gratis å gifta seg i kyrkja der du bur (med få unnatak, sjå nedanfor).

Dersom de bur utanfor soknet der vigselen skal gå føre seg, eller ingen av dykk er medlem i Den norske kyrkja, kan det koma på kostnader. Kostnadene gjeld både for vigslar og for forbøn for par som allereie har gifta seg borgarleg.

Bustad (gjeld medlemmer i Dnk)

  • Viss de bur utanfor Bergen kommune, må de betala for leige av kyrkja.
    Men: Dersom foreldre til ein av dykk bur i soknet der de skal gifta dykk, seier de frå, så slepp de leiga.
  • Bur ingen av dykk i det prostiet soknet ligg (for Ytre Arna vil det seia Åsane prosti, som omfattar Arna, Åsane og Osterøy), lyt de betala honorar for prest. Dette ordnar Bjørgvin bispedømmekontor, som er abeidsgjevaren for presten
  • Somme kyrkjelydar tek ei avgift for å dekkja kostnader dersom de bur utanfor soknet, og nokre få tek ei avgift same kvar de bur.

 

Medlemskap

Dersom ingen av dykk er medlem i Den norske kyrkja, må de betala for leige av kyrkja, og for prest, anten de bur i eller utanfor soknet.

Eigen prest/vigslar

Dersom de har med prest/vigslar frå eit anna kyrkjesamfunn enn Dnk, vert det rekna for utleige av kyrkja, og de må betala leige.

Prisar

  • Leige av kyrkja, inkludert kyrkjetenar:
    - Medlem Dnk, utanbys: kr. 4 475,- (BKF sender rekning)
    - Ikkje medlem Dnk / anna kyrkjesamfunn: kr. 5 750,- (BKF sender rekning)
  • Organist til vigselen:
    - Medlem Dnk, utanbys: kr. 1 100,- (BKF sender rekning)
    - Ikkje medlem Dnk / anna kyrkjesamfunn: kr. 1 650,- (BKF sender rekning)
  • Prest 3 500,- (Bjørgvin bispedøme sender rekning)

Nokre sokn tek ei avgift viss de bur utanfor soknet (sokna sender rekning):

  • Bergen domkirke menighet, (Bergen domkirke, Mariakirken, Johanneskirken og Nykirken): kr. 1 000,-
  • Sandvikskirken: kr. 1 000,-
  • Storetveit kirke: kr. 800,-

Nokre kyrkjer tek ei blomeavgift uavhengig av kvar de bur (sokna sender rekning):

  • Årstad kirke: kr. 400,-
  • Birkeland kirke: kr. 200,-

Ta kontakt med Kirketorget for spørsmål om vigsel: tlf 55 59 32 10, e-post kirketorget.bergen@kirken.no  De kan avtala vigsel digitalt ved å gå inn på "Informasjon og bestilling" (den venstre firkanten under "Vigsel") her på sida kyrkja.no/ytrearna.

Dersom de ynskjer å leiga ei av kyrkjene i Bergen til vigsel, tek de også kontakt med Kirketorget, som avklarer med kyrkjelyden.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"