Informasjon om gravlegging, kremasjon, gravplassAr og gravminne

Mange kjensler dukkar opp i møte med død og gravferd. Dei som står nærast, må òg førehalde seg til ei rekkje praktiske, juridiske og økonomiske spørsmål. I løpet av kort tid må ein blant anna velja seremoni, gravferdsform og kvar den døde skal gravleggjast. Vi vil her prøva å informera om nokre viktige forhold som det er bra å kjenna til for gravferd. I Bergen kommune er det Gravplassmyndigheten som ivaretek rettane innbyggjarane i kommunen har innanfor gravplassområdet. Gravplassmyndigheten er eit profesjonelt forvaltningsorgan som handterer det administrative og praktiske knytt til gravferder, som ein del av Bergen kirkelige fellesråd. Trykk på lenkja øvst i oversikta nedanfor: "Gravplassmyndigheten i Bergen", om du vil ha praktisk informasjon om val av seremoni og gravleggingsform.